Sanco Swift og Sword innfelt Ivar Slettevoll foto Kjetil 11
SEISMIKK: Sanco Holding og dagleg leiar Ivar Slettevoll tener gode pengar i ei tid då dei fleste seismikkselskap slit. Myklebust-bygde Sanco Swift og Sanco Sword er selskapet sine nyaste skip. Foto: Myklebust og Kjetil Haanes
Nytt

Nytt superår for Gjerdsvik-selskap

Seismikkselskapet Sanco Holding med rekordomsetning.

27.05.2021

Gjerdsvika-baserte Sanco Holding auka inntektene i 2020, i eit år der dei fleste seismikkselskap sleit tungt.

Driftsinntektene kom opp i 606,3 millionar kroner, som er det høgste nokon gong.

Driftsresultatet enda på solide 174,2 millionar kroner, som er det nest beste resultatet selskapet har hatt.

Sanco Holding
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 606,3 600,4
Driftsresultat 174,2 143,4
Årsresultat 129,2 91,1

Selskapet har ti fartøy, både reine seismikkskip og støttefartøy for seismikk.

Nyleg overtok Sanco seismikkskipet Neptune Naiad frå Axxis Geo Solutions som ein del av restruktureringsavtalen for Axxis.

Trur på bra 2022
Sanco-direktør Ivar Slettevoll seier at marknaden er svak for tida, og selskapet har tre skip i opplag.

- Det er særleg skytebåtmarknaden som sviktar, men vi ser vi teikn på at aktiviteten vil ta seg noko opp utover hausten, seier Slettevoll.

Han seier at 2021 blir eit vesentlig svakare år for selskapet både omsetningsmessig og resultatmessig.

- Det ser ut som 2022 vert eit meir normalt år då vi trur på at koronaen er kome nokolunde under kontroll i form av vaksinering og at oljeprisen allereie er rimeleg grei slik den er.

Det er særleg skytebåtmarknaden som sviktar
Ivar Slettevoll

Familiedominert
Sanco Holding har ein samla eigenkapital på 900 millionar kroner og ei langsiktig gjeld på 717 millionar.

Ivar Slettevoll starta selskapet i 1996 saman med kona Bjørg og broren Bjarte Slettevoll. Familien er framleis dei dominerande eigarane.

Les meir om selskapet her.

Publisert: 27.05.2021 05:55

Sist oppdatert: 28.07.2021 09:08

Mer om