- Rolls-Royce satsar i Brattvåg. Selskapet skal ha prosjektering, montering og testing av styremaskiner i Brattvåg. Det ligg fast.
Jubelen var stor i Brattvåg då Rolls-Royce 16. oktober i fjor flagga at produksjonen i Hagavik ved Bergen skulle avviklast og all produksjon av styremaskiner skulle skje i Brattvåg.
Ei eiga prosjektgruppe hadde då vurdert ulike alternativ, mellom anna å flytte heile eller deler av produksjonen til Rolls-Royce-lokalitetar i aust-Europa.
Det siste vart det ikkje noko av, trudde ein. No er det opning for at det likevel kan verte produksjon av deler i utlandet, men då hos eksterne underleverandørar.
Dei tilsette i Brattvåg vart orienterte om dei endra planane på eit allmøte sist veke, og det har etterpå vorte reist kritikk mot avgjersla.
- Derfor vurderer vi å bruke eksterne underleverandørar på enkelte deler til styremaskinene, slik vi gjer på mange andre område.
Det er leiinga i Rolls-Royce Marine i England som har lagt dei nye planane, medan det er ein eigen britisk investeringskomité som godkjenner alle nye investeringar.
- Tilbakemeldinga er at det vert for dyrt å kjøpe ei rekkje nye maskiner i Brattvåg, slik situasjonen er no.
- Her er det berre snakk om ei justering. Rolls-Royce satsar i Brattvåg. Det er ein viktig fabrikk for selskapet.
Den endelege beslutninga om opplegget vert tatt i løpet av våren.
- Det er ingen planar om nedbemanning i Brattvåg, men det vert truleg ikkje snakk om oppbemanninga vi først såg for oss.
- Vi ser at fleire offshoreprosjekt vert utsette. Det fører til at verfta kjem til oss og spør om å få utsett nokre av leveransane.
- Det er heilt klart strammare tider. Det merkast også hos oss.
Jubelen var stor i Brattvåg då Rolls-Royce 16. oktober i fjor flagga at produksjonen i Hagavik ved Bergen skulle avviklast og all produksjon av styremaskiner skulle skje i Brattvåg.
Ei eiga prosjektgruppe hadde då vurdert ulike alternativ, mellom anna å flytte heile eller deler av produksjonen til Rolls-Royce-lokalitetar i aust-Europa.
Det siste vart det ikkje noko av, trudde ein. No er det opning for at det likevel kan verte produksjon av deler i utlandet, men då hos eksterne underleverandørar.
Dei tilsette i Brattvåg vart orienterte om dei endra planane på eit allmøte sist veke, og det har etterpå vorte reist kritikk mot avgjersla.
Britisk investeringskomité
Anette Bonnevie Wollebæk seier at årsaka til dei endra planane er at det er strammare tider og konsernet har mindre pengar til å investere i nye og dyre maskiner.- Derfor vurderer vi å bruke eksterne underleverandørar på enkelte deler til styremaskinene, slik vi gjer på mange andre område.
Det er leiinga i Rolls-Royce Marine i England som har lagt dei nye planane, medan det er ein eigen britisk investeringskomité som godkjenner alle nye investeringar.
- Tilbakemeldinga er at det vert for dyrt å kjøpe ei rekkje nye maskiner i Brattvåg, slik situasjonen er no.
- Berre ei justering
Bonnevie Wollebæk seier at trass i dei endra planane, ligg det fast at det skal satsast i Brattvåg.- Her er det berre snakk om ei justering. Rolls-Royce satsar i Brattvåg. Det er ein viktig fabrikk for selskapet.
Den endelege beslutninga om opplegget vert tatt i løpet av våren.
- Det er ingen planar om nedbemanning i Brattvåg, men det vert truleg ikkje snakk om oppbemanninga vi først såg for oss.
Vil utsette kontraktar
Bonnevie Wollebæk seier at Rolls-Royce i det siste har vorte kontakta av kundar som ønskjer å utsette leveransar på utstyr.- Vi ser at fleire offshoreprosjekt vert utsette. Det fører til at verfta kjem til oss og spør om å få utsett nokre av leveransane.
- Det er heilt klart strammare tider. Det merkast også hos oss.
Rolls-Royce satsar i Brattvåg. Det er ein viktig fabrikk for selskapet.
Publisert: 24.03.2015 09:27
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:42





