Avviser aa gi fiskarane avgiftsunntak
INVITERTE TIL INNSPEL: Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn inviterer fiskerinæringa til innspel om støtteordningar for teknologiutvikling og alternative kostnadkutt, då han møtte mellom andre Fiskebåt-sjef Audun Maråk i dag (t.v. i biletet) på eit nettmøte i dag. Det var Vanylvenordførar Lena Landsverk Sande (V), nederst i bilderuta, som fekk møtet i stand.
Nytt

Avviser å gi fiskarane avgiftsunntak

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn avviser å gi fiskarane unntak frå auken i CO2-avgifta, men inviterer til framlegg om andre avgiftskutt.

26.01.2021
- Det er ikkje regjeringa sin ambisjon at ulike næringa skal vere fritatt for å betale for utslepp i 2030, sa Rotevatn då han møtte mellom andre administrerande direktør Audun Maråk i havfiskeflåten sin bransje og arbeidsgivarorganisasjon Fiskebåt til eit diskusjonsmøte.
Møtet kom i stand etter at Regjeringa har gjort framlegg om å auke CO2-avgifta frå 590 til 2000 kroner tonnet fram til 2030, ein auke som vil doble drivstoffkostnadane samanlikna med i dag. Poenget med ein slik auke er å få bruken av fossilt drivstoff ned - for å redusere CO2-utslepp - som ein del av regjeringa sin klimapolitikk.

I følgje Rotevatn er det sannsynleg at også EU vil kome med vedtak som inneber ein auka pris på CO2-utslepp for fiskarane der.

Ber om idear

Samstundes som Rotevatn sto fast på måla om utsleppsreduksjon og avgiftsauke inviterte han til framlegg til løysingar som reduserer den økonomiske belastninga for fiskeflåten.
Det gjeld både tiltak for å støtte utvikling av alternative energikjelder og annan teknologi for å redusere bruken av fossilt drivstoff, og framlegg til korleis andre skattar og avgifter kan reduserast som kompenserande tiltak.
Poenget for regjeringa er ikkje å auke det totale skatte- og avgiftstrykket for næringa, ifølgje Rotevatn.

Store omleggingar

Dersom avgifta aukar som Regjeringa gjer framlegg om, utan at den økonomiske ekstrabelastninga vert redusert på andre måtar kjem det til å føre til ei omlegging i norsk fiskeri der ein del fiskeri fell bort og det må leggast om til meir sesongfiske, sa administrerande direktør Audun Maråk i Fiskebåt i sitt innlegg på møtet. Lønsemda vil falle, som betyr at det heller ikkje blir investert i nye skip og ny teknologi - med mindre utslepp.
Per i dag er der ikkje alternativ til diesel som drivstoff for havfiskeflåten, ifølgje Maråk.
Han meiner tilbakemeldingane frå Rotevatn var som venta, og seier at Fiskebåt vil kome attende med sine framlegg etter at styret i organisasjonen har diskutert strategien.
- Vi skal nok delta på ein offensiv måte, og så har vi med oss signala frå Rotevatn om at dette skal vi få kompensert på anna vis, seier Maråk.

Publisert: 26.01.2021 14:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:13