Vice Admiral Richard Hunt President Fincantieri Marinette Marine USA 2 Foto Ogne
LOKKA MED BYGGING I NOREG: Richard Hunt, tidlegare viseadmiral, president for Vard-eigar Fincantieri sitt amerikanske skipsbyggingsselskap, Fincantieri Marinette Marine på scena under Verftskonferansen i Ålesund hausten 2024. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

USA-stopp for Fincantieri-fregattar

Fullfører ikkje fregatt-progammet som USA ville ha Noreg med på.

03.12.2025

Fincantieri skal fullføre bygginga av to fregattar i Constellation-klassa som allereie er under bygging, men ikkje bygge dei fire neste som var planlagt. Det skriv avisa skriv Wall Street Journal.

Vard-eigar Fincantieri byggjer dei to fregattane på sitt verft i Wisconsin. 

Den amerikanske marinen vil heller satse på fregattar som er raskare å byggje, ifølgje avisa.

Kunne byggast i Noreg
Tidlegare i år valde Noreg å satse på det britiske alternativet i konkurransen om kva type fregatt som skal erstatte dagens norske fregattar.

Britane konkurrerte med Frankrike, Tyskland og USA. Både tyskarar og amerikanarane lokka med at deira alternativ også ville gitt bygging i Noreg.

For det amerikanske alternativet ville det i så fall betydd bygging hos Vard, som er eigd av Fincantieri.

Men no er det klart at heller ikkje amerikanarane satsar vidare på Constellation-klassa.

Fregattar WSJ
STOPP: Skjermfoto av Wall Street Journal-artikkel.

Skifta meining og krav
Opphavleg planla Fincantieri å byggje ein amerikansk versjon av ein velprøvd modell som allereie var i drift då dei vann kontrakten i 2020. 

Men ifølgje Wall Street Journal held amerikanske styresmakter fram med å endre designet for å møte stadig skiftande spesifikasjonar, noko som forseinka bygginga og auka kostnadane.

Avisa skriv og at krigsskip i USA både tek lenger tid å bygge og kostar meir enn hos andre nasjonar. Av 20 ulike fregattar under bygging og konstruksjon i 10 andre nasjonar er det berre ein som ligg an til å ta lenger tid å bygge enn i USA.

Ein talsperson for Fincantieri seier til avisa at selskapet ventar at marinen vil halde avtalen med Fincantiereri ved å kanalisere framtidig oppdrag til Fincantieri.

Les også pressemeldinga frå Fincantieri (ekstern lenke)

Publisert: 03.12.2025 09:40

Sist oppdatert: 03.12.2025 09:40

Mer om