rettssal illustrasjon foto marius 11
Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Båtverkstad konkurs med stor gjeld

Tok over tilsette etter anna konkurs. Det bidrog til å velte selskapet.

Marius Rosbach
25.01.2024

Møre og Romsdal tingrett opna torsdag konkurs i selskapet Ålesund Motorverksted etter at leiinga hadde meldt oppbod.

Verksemda er framleis i gong i firmaet med adresse på Kvennaneset i Ålesund, ifølgje rettspapira.

Det er sju tilsette i selskapet som har slitt økonomisk i fleire år. Gjelda i selskapet er på kring 4,4 millionar og verdiane anslått til 2,7 millionar, fekk tingretten opplyst.

Bustyrar i saka er Øystein Remme og første skiftesamling er planlagt 11. mars.

Tok over fleire tilsette
Ålesund Motorverksted har vore forhandlar av ulike båtmotorar, og utført service og reparasjonar. Dei har også utført maskinering av motordelar, skriv firmaet å si heimeside.

Etter at Gulliksen Marine gjekk konkurs i 2021, tok firmaet over fleire tilsette derifrå.

Allereie dei det siste rekneskapen frå 2021, gjekk det fram at det er kunne vere usikkerheit kring den vidare drifta. På det tidspunktet var eigenkapitalen negativ, og drifta gjekk med underskott halvvegs inn i 2022, ifølgje årsmeldinga.

Jobba med å omstille drifta
Bakgrunnen for underskotet er at verksemda blei utvida med fleire tilsette. Det ga høgare lønnskostnader, samtidig som dei fekk høgare leigekostnader på lokale, blir det opplyst.

Det vart difor innført tiltak for å redusere kostnadar, og drifta dei siste månadene viste eit overskot. Nye eigarar og tilførsel av kapital var også mellom tiltaka som det blei jobba med, skreiv styret i årsmeldinga.

Omsetninga i 2021 var på kring 6,5 millionar og rekneskapen enda med eit lite underskot på slutten av året.

Publisert: 25.01.2024 14:04

Sist oppdatert: 25.01.2024 16:11

Mer om