Sparebanken Møre fasade
SNUDDE I SEPTEMBER: Kursfallet i eigenkapitalbevisa i Sparebanken Møre stoppa i september i fjor. Etterpå har det gått oppover. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Bonus til banktilsette

Sparebanken Møre har stige over 20 prosent på knappe fem månadar.

15.02.2023

Frå slutten av januar 2022 og fram til 29. september 2022 hadde eigarane av eigenkapitalbevis i Sparebankene Møre ein lang nedtur.

Frå ein historisk topp på 97,20 kroner per eigenkapitalbevis 27. januar 2022 fall kursen til 69,15 kroner 29. september i fjor.

Ved børskurs i dag ar kursen 84,20 kroner, ei auke på over 20 prosent sidan botnnoteringa i september i fjor.

Denne artikkelen er oppdatert etter at børshandelen var over i ettermiddag, mellom anna med tabell over børskursar for børsnoterte selskap på Nordvestlandet.

Optimisme
Aksje- og eigenkapitalbeviskursen fortel om forventningar til framtida, og kursutviklinga tyder på at investorane i Sparebanken Møre har snudd frå pessimisme til optimisme og no trur banken framover vil gjere det godt, trass inflasjon og auka uvisse som heng over næringslivet generelt.

Dei tilsette får ein bit av eigenkapitalbevis-kaka gjennom banken sitt bonusprogram. I alt 55.882 eigenkapitalbevis er delt ut fortel banken i ei børsmelding. Til kurs 84,20 kroner utgjer det 4,7 millionar kroner.

Ein liten bit av kaka - eigenkapitalbevis for i alt 186.840 kroner til kurs 84,20 - går til sjefar og styremedlemer som er i innsideposisjon i banken, ifølgje ei børsmelding.

Dette er dei tilsette/nærståande i innsideposisjon som er tildelt bonus i form av eigenkapitalbevis. (Talet på tildelte eigenkapitalbevis i parantes.):

Elisabeth Blomvik, leiar divisjon personmarknad (197)
Terje Krøvel, leiar divisjon næringslivsmarnad (201)
Erik Røkke, leiar seksjon risikostyring og compliance (192)
Finansdirektør John Arne Winsnes (238)
Kjetil Hauge, leiar seksjon organisasjon og konsernstøtte (185)
Marie Rekdal Hide, tilsettevald styremedlem (160)
Birgitte Espe, tilsettevald varamedlem til styret (158)
Jørgen Ove Havnsund, tilsettevald varamedlem til styret (157)
Ove T. Ness, leiar avdeling treasury (179)
Sandra M. Helseth, leiar avdeling økonomi og rekneskap (181)
Norun Sønderland Nustad, tilsett og nærståande til varamedlem i styret (13)
Bjørn Følstad, tilsettevald styremedlem (162)
Ove Skjeret, leiar seksjon forretningsutvikling (196)

Dagens vinnar
Dagens børsvinnar på Nordvestlandet er Arctic Bioscience, med ein kursauke på 18,94 prosent frå dagen før.

Kursen ved børsslutt var 13,50 kroner per aksje. Det er høgaste børskurs sidan midten av desember i fjor.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Arctic Bioscience 13,50 18,94 %
Nortel 25,20 5,88 %
Norva 24* 33,80 2,99 %
Hexagon Composites 35,90 1,64 %
Sparebanken Møre 84,20 1,42 %
Salmon Evolution 8,82 1,26 %
Havila Kystruten 10,75 0,94 %
Havila Shipping 19,98 0,60 %
Hexagon Purus 28,42 0,07 %
Endúr 29,995 -0,02 %
Atlantic Sapphire 9,00 -0,11 %
Hav Group 9,52 -0,83 %
Hofseth Biocare 2,50 -2,72 %
Eqva (tidlegare Havyard Group) 2,81 -3,10 %
Statt Torsk 1,39 -3,47 %
Golden Energy Offshore Services 1,67 -4,30 %
*Svenske kroner

Publisert: 15.02.2023 14:50

Sist oppdatert: 15.02.2023 17:01