Christian Pritchard foto Ogne
INNOM BØRSEN: Nortel-sjef Christian Pritchard leia eitt av ni selskap på Nordvestlandet som blei børsnotert i åra 2020-2021. I år er Nortel kjøpt og tatt av børs. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Færre børsselskap i nordvest

I år blir det tre færre selskap frå Nordvestlandet på børsen.

06.12.2023

Tidlegare i år vart mobiltelefoniselskapet Nortel i Ålesund kjøpt opp av konkurrenten Nortel og tatt av børs.

Torskeoppdrettselskapet Statt Torsk er i ferd med å bli slått saman med Vesterålen Havbruk, og blir også tatt av børs.

No planlegg industriselskapet Eqva å flytte hovudkontoret frå Herøy til Kvinnherad. Rett nok er det snakk om fire arbeidsplassar, men etter flyttinga har Eqva - opphavleg Havyard Group - ikkje lenger noko aktivitet på Nordvestlandet. Selskapet blir ikkje tatt av børs, men NETT NO vil ikkje lenger ha det med i oversikta over børsnotere selskap på Nordvestlandet.

Vi skal ikkje så mange år attende før både skipsbyggingskonsernet Vard, møbelprodusenten Ekornes og Fjord 1 var børsnoterte selskap, Vard i Singapore, Ekornes og Fjord1 i Oslo.

Men i åra 2020-2021 fekk Nordvestlandet fleire nye selskap på børsen; Hexagon Purus (2020), Salmon Evolution (2020), Romsdal Sparebank (2020), Nortel (2020) Havila Kystruten (2021), Norva 24 (2021), Statt Torsk (2021), Arctic Bioscience (2021) og Hav Group (2021).

Alle dei relativt ferske børsnotere selskapa viser at børsen som eit verktøy for bedrifter på Nordvestlandet til å hente kapital og synleggjere verdiane neppe er over. Kjem ein ny boom for å hente pengar på børsen kan det hende nye selskap frå nordvest dukkar opp.

Dessutan har fleire selskap henta meir pengar etter at dei gjekk på børs, også å i 2022 og 2023. Atlantic Sapphire, Hexagon Purus, Havila Kystruten, Endúr og Salmon Evolution har fått påfyll av kapital.

I første versjon av denne artikkelen var ikkje Romsdal Sparebank med i omtalen av selskap som gjekk på børs i åra 2020-2021.

Artikkelen er oppdatert med aksjekursar for selskap på Nordvestlandet, etter at børsen stengte for dagen.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Atlantic Sapphire 1,49 5,96 %
Arctic Bioscience 9,20 5,75 %
Eqva 3,42 4,59 %
Statt Torsk 0,74 2,76 %
Golden Energy Offshore Services 1,20 2,22 %
Norva 24 Group* 23,00 1,10 %
Endúr 40,20 0,75 %
Sparebanken Møre 78,50 0,38 %
Hav Group 9,60 0,21 %
Havila Kystruten 0,79 -0,50 %
Hofseth Biocare 2,73 -0,73 %
Salmon Evolution 6,33 -0,78 %
Hexagon Purus 9,92 -1,59 %
Hexagon Composites 26,30 -1,94 %
Havila Shipping 5,55 -4,80 %
* Kurs i SEK

Publisert: 06.12.2023 15:22

Sist oppdatert: 07.12.2023 08:40