Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka
Arctic Bioscience har vore den store vinnaren av dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet dei to første dagane denne veka.
Iallfall om ein ser på børsverdien i prosent.
Kort tid før børsen stenger tysdag er oppgangen drygt 30 prosent samanlikna med sluttkursen før veka starta.
I kroneverdi hadde aksjen stige frå 1,89 kroner til kring 2,50 kroner tysdag ettermiddag.
Sluttkursen vart 2,48 kroner.
Det framleis langt opp til nivået frå tidleg haust 2024 då kursen svinga mellom 12 og 14 kroner. Oppgangen kan likevel vere eit teikn på at investorane ser optimistisk på komande nyheiter frå selskapet.
Arctic Bioscience-kursen kollapsa etter at selskapet i slutten av oktober fortalde at dei ikkje fekk resultata dei håpte på i ein studie av ein legemiddelkandidat.
Selskapet håpar å få godkjent middel et som legemiddel mot hudsjukdomen psoriasis.
Aksjonærane og selskapet kryssar no fingrane for at studien viser meir eintydige resultat når undersøkinga er ferdig seinare i vinter.
Arctic Bioscience-sjef Christer Valderhaug opplyser til Nett No at dei ventar å få resultata i slutten av dette kvartalet, eller i starten av neste.
Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Arctic Bioscience | kr 2,48 | 24,00 % |
Havila Kystruten | kr 0,89 | 4,71 % |
Atlantic Sapphire | kr 0,09 | 1,24 % |
Romsdal Sparebank | kr 125,80 | 0,32 % |
Endúr | kr 68,10 | 0,00 % |
Hofseth Biocare | kr 1,84 | 0,00 % |
Sparebanken Møre | kr 95,12 | -0,31 % |
Norva 24 Group* | 26,15 kr | -0,57 % |
Hexagon Composites | kr 42,95 | -0,58 % |
Salmon Evolution | kr 6,60 | -0,60 % |
Hav Group | kr 6,22 | -1,27 % |
Hexagon Purus | kr 5,24 | -1,69 % |
Golden Energy Offshore Services | kr 19,40 | -1,77 % |
Havila Shipping | kr 1,51 | -2,32 % |
* Kurs i SEK | ||
Publisert: 07.01.2025 16:38
Sist oppdatert: 07.01.2025 16:48