Oslo børs
NED: Hovudindeksen på Oslo Børs fall 0,49 prosent i dag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Høgste Endúr-kurs på over tre år

Har stige 61,23 prosent i år.

28.08.2024

Aksjekursen i industri- og ingeniørselskapet Endúr steig 3.03 prosent i dag, til 61,30 kroner aksjer.

Det er ein høgare kurs enn selskapet hadde då Artec Aqua-grunnleggarane i Ålesund selde selskapet sitt til Endur tidleg i 2021, der kjøpesummen på 690 millionar kroner for Artec Aqua vart betalt med ein kombinasjon av Endúr-aksjar og kontantar.

Kursutviklinga etterpå har ikkje vore noko å juble over for Artec Aqua-grunnleggarane, men no er den i alle fall tilbake på nivået det var på då dei fekk aksjane.

Artec Aqua er eit ingeniør og prosjekteringsselskap som har spesialisert seg på landbaserte oppdrettanlegg, med Salmon Evolution sitt landbaserte anlegg på Romsdalskysten som sitt hittil største oppdrag.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Hofseth Biocare 2,10 6,60 %
Endúr
61,30
3,03 %
Hexagon Composites
38,50
1,99 %
Sparebanken Møre
84,65
1,74 %
Romsdal Sparebank
113,78
0,51 %
Havila Kystruten
0,91
0,44 %
Havila Shipping
5,13
0,39 %
Norva 24 Group* 30,95 -1,12 %
Salmon Evolution
6,66
-1,19 %
Arctic Bioscience
14,40
-2,04 %
Atlantic Sapphire
0,80
-2,22 %
Hav Group
9,02
-3,01 %
Golden Energy Offshore Services
25,90
-4,07 %
Hexagon Purus
9,54
-4,60 %
* Kurs i SEK

Publisert: 28.08.2024 17:04

Sist oppdatert: 28.08.2024 17:04