Arctic bioscience spadetak foto 11
PÅ VENT: Medgrunnleggar Hogne Halleråker markerer byggestart for ny fabrikkbygning i Ørsta, ei utbygging som etterpå vart utsett på uviss tid på grunn av høgare byggekostnadar enn først rekna og uvisse om vidare utvikling av byggekostnadane.
Nytt

Børsdagen: Jojo-aksjen Arctic Bioscience

Frå høge toppar til djupe dalar. Slik er livet som Arctic Bioscience-eigar.

19.12.2022

Måndag var Arctic Bioscience den største tapar-aksjen av alle på Oslo Børs.

Kursen fall over 13 prosent, ned til 12,60, som er det tredje lågaste nivå for året. Fredag 16. desember gjekk det andre vegen. Då steig kursen 12,4 prosent.

Det Ørsta-baserte selskapet lagar helsekostprodukt og arbeider med å utvikle eit legemiddelprodukt mot hudsjukdomen psoriasi. Begge deler er basert på silderogn.

Helsekostprodukta har vore i handelen i fleire år. En større internasjonal studie av om legemiddelet basert på silderogn er i gang, og dei første resultata får vi neste år. Passerer selskapet det nålauget har det tatt eit nytt steg mot å få produktet godkjent som legemiddel - eit steg som vil auke den potensielle verdien av selskapet.

Inntil den store avklaringa kjem, er det ikkje så mykje nytt selskapet kan kome med som kan forklare dei store kurssvingingane frå dei eine dagen til den andre.

Dei store svingingane har likevel vore typisk for selskapet sidan børsnoteringa i februar 2020.

Det som også er typisk, er at trenden har vore fallande. Toppane har vore lågare og dalane djupare undervegs. Ved børsnotering var kursen 28,50 kroner aksjen. Måndag dag enda den på 12,60 kroner som verdset selskapet til 307 millionar kroner.

Halsebakk-familiens investeringsselskap Ronja Capital II er største eigar med 8,63 prosent eigarandel, styreleiar Harald Nordal eig 6,34 prosent gjennom Capra Invest, og MRFK Holding (tidlegare Møre og Romsdal Såkornfond) eig 5,39 prosent.

På eigarsida er også søskena Ingvild, Jan Endre og Sindre Vartdal, saman med Peder Stette, Frode Håkon Kjølås og Asbjørn Solevågseide, Per Magne Eggesbø og Solveig og Astrid Strand.

Børstabell for Nordvestlandet:

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Norva 24* 33,52 5,08 %
Hofseth Biocare 2,70 4,25 %
Sparebanken Møre 77,05 2,54 %
Hexagon Composites 30,78 2,12 %
Hexagon Purus 24,14 1,51 %
Havila Shipping 11,26 -0,18 %
Statt Torsk 1,71 -0,58 %
Salmon Evolution 8,31 -0,95 %
Atlantic Sapphire 7,335 -2,00 %
Endúr 33,50 -2,60 %
Eqva (tidlegare Havyard Group) 2,99 -2,76 %
Nortel 20,00 -2,91 %
Golden Energy Offshore Services 1,35 -3,91 %
Hav Group 9,03 -3,94 %
Havila Kystruten 17,10 -8,56 %
Arctic Bioscience 12,60 -13,10 %
*Svenske kroner

Publisert: 19.12.2022 17:14

Sist oppdatert: 19.12.2022 22:41