Runhild Gammelsæter Arctic Bioscience foto Marius Rosbach 11
FOSNAVÅG: Medisinsk direktør Runhild Gammelsæter i Arctic Bioscience har kollegaer som jobbar ein rekke ulike plassar. Det fortalde ho om under Fosnavågkonferansen torsdag. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Berre drygt halvparten jobbar lokalt

Kompetanse er viktigare enn kvar folk bur for bioteknologiselskapet i Ørsta.

Marius Rosbach
30.09.2022

Arctic Bioscience held til i Ørsta, men dei tilsette er spreidt ein rekke ulike plassar.

Det kom fram då medisinsk direktør Runhild Gammelsæter fortalde deltakarane på Fosnavågkonferansen om korleis bioteknologiselskapet jobbar.

Meir frå konferansen:

Har fleire satellittkontor
I dag er Arctic Bioscience 19 tilsette i Norge og utlandet. Knappe 60 prosent av desse jobbar ved hovudkontoret i Ørsta.

Selskapet har også satellittkontor i Ålesund, Oslo og Voss der folk kan «sjekke inn».

Mange jobbar óg på heimekontor og styrer mykje av arbeidskvardagen sjølv. To som betener den internasjonale marknaden bur i Nord-Amerika.

– Kompetanse er meir avgjerande, enn kvar folk bur, sa Gammelsæter. Ho bur sjølv bur i Oslo.

Selskapet er bevisste på å vere fleksibel som arbeidsgivar, men har samtidig struktur med faste møtepunkt og deling av dokument.

Rekrutterer også lokalt
Ein del tilsette er bioteknologiselskapet nøydd til å ha lokalisert i Hovdebygda.

Det gjeld ikkje minst dei som skal jobbe ved laboratoriet der det blir forska på ulike måtar å nytte silderogna - det sentrale råstoffet i dei fleste av Artcic Bioscience sine produkt.

– Dei folka finner vi gjerne her lokalt – og dei vil også ha jobb hos oss, fortel Gammelsæter.

Selskapet har opplevd å få mange søkarar når dei har rekruttert nye medarbeidarar. Berre ein gong har dei vore nøydd til å bruke hodejegar for å finne den rette personen.

Den marine klynga viktig
Gammelsæter meiner Blue Leagsea-klynga har vore viktig for at det allereie er betydeleg slik kompetanse i regionen.

– Tenk at et selskap i Hovdebygda bare trengte å hente inn kompetanse frå fem personar andre steder i landet for å kunne sette i gang med legemiddelutvikling, legg ho til.

– Modellen er ikkje ny
Den medisinske direktøren har tidlegare jobba i eit stort internasjonalt selskap – men var også då busett i Oslo. Det blei løyst ved digital jobbing, men også ved at leiarteamaet samla seg fysisk ei veke i månaden, for intensive møter og workshops.

– Så modellen er ikkje ny, og i store internasjonale bedrifter er det ein ganske vanleg måte å gjere ting på, fortel ho til NETT NO.

– Eg trur veldig mange trives med å jobbe på ein slik måte, legg ho til.

Har skote fart under pandemien
Gammelsæter har sett utviklinga skyte fart under pandemien og at folk i større grad har lært seg å jobbe saman digitalt. Konsekvensen har mellom anne vore at Oslo har opplevd ei kraftig fråflytting.

Arctic Bioscience-direktøren trur mange tidlegare har følt seg tvungne til å bu i hovedstaden, mellom anna fordi mange store selskap held til her.

– Kanskje endrar det seg enno meir no framover, meiner ho.

I dag opplever selskapet at mange vil flytte «heim». Samtidig rekrutterer dei breitt.

– Ein av dei siste som har starta hos oss, er ein ukrainsk flyktning med to mastergrader i kjemi. Vedkommande blei tilsett på dagen, fortel Gammelsæter.

Publisert: 30.09.2022 14:31

Sist oppdatert: 30.09.2022 14:49

Mer om