Har sendt søknad for legemiddelstudie
Viktig steg vidare for Arctic Bioscience. Men aksjekursen fall.
I den første versjonen av denne artikkelen skreiv NETT NO at selskapet hadde fått godkjenning på søknaden. Det stemmer ikkje.
Arctic Bioscience har sendt søknad til styresmaktene for ein såkalla CTA (Clinical Trial Application), opplyser Ørsta-selskapet i ei børsmelding måndag.
Godkjenninga er eit viktig steg for å utvikle eit legemiddel mot psoriasis, fortel Arctic Bioscicene-sjef Christer Valderhaug i meldinga.
Det dreiar seg om eit såkalle fase tre-studiet av eit silderognbasert middel mot hudsjukdomen. Programmet er ein større medisinsk test der forsøkpersonane bur i fem ulike land. Om godkjenninga kjem på plass kan den første pasienten starte som planlagt i fjerde kvartal i år.
Tidlegare medisinske testar i Noreg har vist positive resultat, men middelet må gjennom ein større og internasjonal test på vegen fram mot å bli godkjent som legemiddel.
Kursfall på raud børs
Investorane på Oslo børs sende aksjekursen til Arctic Bioscience ned tidleg måndag. Ved 10-tida var kursen 12,80 kroner - ned 5,19 prosent.
Aksjen hadde ein fallande trend i haust, men fekk ein kraftig opptur på børsen i starten av førre veke, etter at selskapet fortalde at dei planla å sende CTA-søknaden.
Også hovudindeksen på Oslo børs var på det tidspunktet ned med kring 1,14 prosent, og fallet tiltok utover føremiddagen.
Fabrikkbygg på vent
Arctic Bioscience hadde rive
eit gamalt bygg og gjort klart for å byrje bygging av ny fabrikk i
Hovdebygda i Ørsta, men bestemte seg i vår for å utsette bygginga i
uviss tid.
Internasjonal uro, prisauke på material og utstyr og uvisse om leveringstider var grunngjevinga for at bygget vart utsett.
Publisert: 10.10.2022 09:45
Sist oppdatert: 10.10.2022 13:25