Børsdagen: Kursgevinst på milliardsal
Hexagon Composites-kursen har tatt igjen nesten alt det tapte i starten av 2024.
Etter at børsen stengte i går varsla Hexagon Composites at selskapet sel datterselskapet Hexagon Ragasco. Datterselskapet lagar små berbare gassbehaldarar som nordmenn kjenner til bruk i gassgrillar, og er verdsett til ein milliard kroner i transaksjonen.
Det salet vart godt mottatt i aksjmarknaden og kursen steig frå 26,05 kroner aksjen til 27,15 kroner starks aksjehandlen starta i dag. På det høgaste har kursen vore oppe i 28,40 kroner aksjen, men har falle litt utover ettermiddagen.
Då 2023 ebba ut var Hexagon Composites-aksjane verdsett til knappe 29 kroner, men fall deretter til årets botnnotering på 16,56 kroner aksjen 2. mai i år. Deretter har stemninga snudd, og med dagens kurs er nesten heile kursfallet frå årsskiftet henta inn att.
Hav Group-kursen fall i dag etter at selskapet la fram tal for 1. kvartal 2024 før børsopning.
Selskapet kunne mellom anna fortelje om stor ordreinngang og den høgste ordrereserven sidan selskapet vart børsnotert. Men selskapet fortalde og at det no ventar at inntektsmålet på 1,3 milliardar kroner blir nådd først i 2026, ikkje neste år, slik selskapet tidlegare har sagt.
Artikkelen er oppdatert med aksjekursar for dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet, etter at børshandelen stengte for dagen.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Hexagon Composites | 28,20 | 8,25 % |
Arctic Bioscience | 10,40 | 4,00 % |
Hexagon Purus | 8,44 | 3,94 % |
Havila Shipping | 5,60 | 3,32 % |
Romsdal Sparebank | 108,00 | 1,69 % |
Endúr | 52,30 | 0,77 % |
Sparebanken Møre | 84,80 | 0,70 % |
Norva 24 Group* | 28,80 | 0,00 % |
Salmon Evolution | 8,05 | -0,25 % |
Hofseth Biocare | 2,07 | -0,96 % |
Golden Energy Offshore Services | 35,01 | -1,39 % |
Atlantic Sapphire | 12,00 | -2,30 % |
Havila Kystruten | 0,99 | -3,81 % |
Hav Group | 11,15 | -3,88 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 30.05.2024 15:44
Sist oppdatert: 30.05.2024 17:42