Knut flakk energy observer 11
MILLIARDSAL: Knut Flakk er styreleiar og stor aksjonær i Hexagon Composites. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Sel dotterselskap for ein milliard

Hexagon Composites går ut av marknaden for gassgrillar.

29.05.2024

Hexagon Composites lagar tankar og system for bruk av natur-, petroleum- og biogass som energikjelder, frå store flyttbare tankar til små berbare tankar som nordmenn kjenner frå bruk i gassgrillar. Dei blir laga av datteselskapet Hexagon Ragasco på Raufoss og blir brukt til flytande petroleumsgass (LPG).

Hexagon Composites varsla i fjor at Hexagon Ragasco kunne vere til sals, og etter at børsen stengte i dag vart salet kunngjort.

Les børsmelding her

Det er amerikanske Worthington Enterprises som kjøper.

Handlen verdset Hexagon Ragasco til 1050 millionar kroner. Endeleg pris er avhengig av årsresultatet for 2024 og kan bli mellom 50 millionar lågare og 100 millionar høgare.

Hexagon Ragasco lagar propanbehaldar ved ein fabrikk på Raufoss. Når selskapet blir selt, er det berre ei mindre avdeling i Hexagon Agility att av Hexagon Composites sin produksjon i Norge.

Samstundes som Hexagon Composites sel Hexagon Ragasco, kjøper selskapet 49 prosent andel i Wortington Enterprises si verksemd i Europa. Dem lagar høgtrykkstankar og system for naturgass, hydrogen og industrigassar.

Wortington Enterprises skal eige 49 prosent medan leiinga for verksemda skal eige resten. Verksemda som Hexagon Composites blir medeigar i blir verdsett til 20 millionar dollar - 211 millionar kroner. Den verksemd hadde 127 millionar dollar i driftsinntekt i fjor og eit driftsresultat før av- og nedskriving på 2,9 milllionar dollar.

Hexagon Ragasko Raufoss foto Hexagon Ragasco 11
RAUFOSS: Hexagon Ragasco lagar propanbehaldar ved ein fabrikk på Raufoss. Foto: Hexagon Ragasco

Publisert: 29.05.2024 17:02

Sist oppdatert: 29.05.2024 19:02

Mer om