Over dobla ordreinngang
Glad Hav Group-sjef etter at marknaden losna.
- Etter ein lang periode med flat utvikling i ordrereservane, der fleire moglege kontraktstildelingar er blitt utsett, er vi svært glade for å kunne levere ein betydleg auke i nye ordrar, seier konsernsjef Gunnar Larsen i Hav Group i ei børsmelding.
Ordreinngangen i første kvartal var på 533 millionar kroner, opp frå 240 millionar kroner i same periode i fjor-
Ordrereserven er på ein millard kroner, opp frå 614 millionar kroner ved utgangen av første kvartal i 2023.
Hav Group ASA | ||
1. kvartal. I mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 127,1 | 110,3 |
Driftsresultat | -22,0 | -15,7 |
Resultat før skatt | -21,3 | -13,2 |
Fleire oppdrag
Hav Group har fått nye kontrakter også i andre kvartal i år; ein kontrakt på over 200 millionar kroner til Havyard Leirvik (ikkje ein del av Hav Group) og ein kontrakt med Fjord1 for å utvikle systemer for automatisering av fartøysfunksjonar og det autonome navigasjonssystemet for dei fire nullutslippsferjene som skal operere Lavik-Oppedal sambandet i Sognefjorden.
Minusresultat
Selskapet forklarar underskotet i første kvartal med at dei nye kontraktane enno ikkje har gitt skikkeleg utslag på lønsemda.
«Resultatet er påverka av lav kapasietsutnytting og at nylege tildelte kontraktar framleis er i oppstartfasen og ikkje har byrja å generere merkbare inntekter/marginbidrag», skriv selskapet i børsmeldinga.
Selskapet har tidlegare sagt at målet er å nå 1,3 milliardar kroner i driftsinntekt i 2025. No er det målet flytta til 2026.
Skilde ut datterselskap
I november 2020 varsla Havyard Group at datterselskapa Havyard Hydrogen, Havyard Design & Solutions, Norwegian Electric Systems og Norwegian Greentech, kunne bli skilt ut og samla i eit eige selskap - og notert på Oslo Børs.
Hav Group blei børsnotert i mars 2021.
Havyard Hydrogen teiknar og set saman anlegg for å bruke hydrogen som drivstoff ombord i skip. Skipsdesignverksemda er samla i Havyard Design & Solutions, Norwegian Electric Systems lagar skipselektrosystem og -design, medan Norwegian Greentech lagar reinseanlegg for ballastvatn.
Publisert: 30.05.2024 07:27
Sist oppdatert: 30.05.2024 09:26