Aksjekursen i Havila Shipping fall frå over 15 kroner aksjen ned til 12,30 kroner aksjen etter at selskapet offentleggjorde kvartalsrapporten for 3. kvartal i ettermiddag.
Då børshandelen vart avslutta var kursen på Havila Shipping 12,80 kroner aksjen, ned 11,97 prosent samanlikna med ved børsslutt i går. Selskapet er verdsett til 304 millionar kroner med dagens kurs, som er 209 prosent høgare enn ved årsskiftet 2021/2022.
Offshorereiarlaget betrar resultatet, men går framleis i minus og kursutvikling i ettermiddag tyder på at aksjeinvestorar venta seg betre tal.
Dagens store overrasking var avgangen til Ekornes-sjef Roger Lunde, som har vore i konsernsjef i møbelprodusenten i knappe tre år.
No blir det ein ny sjef som skal styre Ekornes i ein fase der marknaden på kort sikt i beste fall vil vere stabil.
Ekornes-aksjane er ikkje børsnotert, men selskapet har eit børsnotert obligasjonslån. Kursen på obligasjonslånet stupte då koronapandemien kom, men steig raskt opp til før-koronanivå.
Dagens melding om sjefsskiftet utløyste ingen reaksjonar i obligasjonskursen.
Hovudindeksen på Oslo Børs steig 0,67 prosent onsdag. Blant selskapa på Nordvestlandet hadde åtte selskap ei negativ kursutvikling og fem eit positiv kursutvikling.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Hexagon Composites | 27,54 | 1,55 % |
Hofseth Biocare | 2,79 | 1,45 % |
Norva 24* | 32,32 | 1,30 % |
Salmon Evolution | 8,12 | 0,62 % |
Hexagon Purus | 23,80 | 0,51 % |
Arctic Bioscience | 14,95 | 0,00 % |
Havila Kystruten | 20,50 | 0,00 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,90 | 0,00 % |
Atlantic Sapphire | 6,94 | -0,86 % |
Endúr | 32,00 | -0,90 % |
Sparebanken Møre | 76,77 | -0,94 % |
Hav Group | 10,50 | -1,87 % |
Statt Torsk | 2,00 | -2,44 % |
Eqva (tidlegare Havyard Group) | 3,17 | -2,46 % |
Nortel | 19,60 | -6,67 % |
Havila Shipping | 12,80 | -11,97 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 23.11.2022 17:02
Sist oppdatert: 23.11.2022 18:05