Havila Aurora Mjølstaneset
BÅTSAL: Havila Shipping krympar flåten. Havila Aurora er eitt av skipa som er seld. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Ser betring - men framleis tap

Avskrivingar og valutatap gav minusresultat for Havila Shipping i tredje kvartal, men det finst lysning.

23.11.2022

Havila Shipping melder om betre marknad i alle segment i tredje kvartal. Inntektene auka frå 154,8 millionar kroner i tredje kvartal i fjor til 217,3 millionar kroner i år.

Men resultatet før skatt vart likevel negativt med 48,6 millionar kroner. Dette skuldast avskrivingar på 42,9 millionar og finanspostar på minus 103,8 millionar der valutatap utgjorde 64,9 millionar.

Havila Shipping
Resultat for 3. kvartal 2022 2021
Driftsinntekter 217,3 154,8
Driftsresultat 62,2 -24,2
Resultat før skatt -48,6 -59,6
Resultat hittil i år
Driftsinntekter 652,5 400,5
Driftsresultat 201 -57,8
Resultat før skatt -32,2 -171,2

Har seld fem skip
Herøy-selskapet driv no ein flåte på 17 fartøy etter at ein nyleg har seld tre ankerhandlarar og to forsyningsskip, som alle har lege i opplag. Sala er eit resultat av refinansieringsavtalen selskapet inngjekk med långivarane i 2020.

I tillegg forventar ein å selje endå eit skip rundt årsskiftet.

Selskapet har no elleve PSV-ar der fire er eksternt eigde, to ankerhandlarar, tre subseaskip, inkludert eit skip utleigd på bareboatkontrakt, samt eit innleigd RRV-fartøy (rescue and recovery, red merk).

1,4 milliardar i gjeld
Havila Shipping har ei samla langsiktig gjeld på 1.452 millionar kroner, der 1.359 millionar er renteberande.

Bokført verdi av flåten er på 999 millionar kroner.

Havila Shipping hadde ved utgangen av kvartalet 399 tilsette på fartøya og 15 tilsette i administrasjonen.

Publisert: 23.11.2022 15:17

Sist oppdatert: 23.11.2022 16:16

Mer om