Per sævik landgang havila capella mjølstadneset foto kjetil 22
I OPPLAG: Havila Capella ligg for tida i opplag fordi reiarlaget ikkje får forsikra skipet til å segle Bergen-Kirkenes. Her frå jomfruturen frå Havila-eigar Per Sævik kom saman med skipet til Mjølstadneset. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Børsdagen: Kystruten fekk medhald i retten

Reiarlaget får ta arrest i «sitt eige» skip. Lakseoppdrett var dagens børsvinnar.

Marius Rosbach
20.06.2022

Dagens vinnar av selskapa med adresse i regionen, var Atlantic Sapphire. Kursen for lakseoppdrettarane med verksemda i USA, har svinga mykje. Måndag gjekk den opp med 17,01 prosent til 22,36 kroner.

Den mest interessante børsmeldinga måndag sett med briller frå Nordvestlandet, var nok den Havila Kystruten sendte ut få minutt før stengetid.

Reiarlaget har fått medhald i Hordland tingrett i ei avgjerd måndag, som gir selskapet arrest i skipet. Kystruten får vidare ei periode på to år rett til tvangsbruk av skipet, for å oppfylle avtalen med Samferdselsdepartementet.

Kursen for reiarlaget på Oslo børs enda såvidt opp med 0,26 prosent, til 19 kroner aksjen.

Framleis fast i Bergen
I børsmeldinga opplyser selskapet at de følger opp avgjerda, med tanke på å få skipet forsikra, slik at fartøyet igjen kan settast i drift.

Det russiskeigde selskapet som reiarlaget leaser båten frå, er råka av sanskjonar i samband med invasjonen i Ukraina. Difor er Havila Capella vore i opplag i Bergen sidan april.

Reiarlaget opplyser i ei pressemelding måndag at dei kjem tilbake med informasjon om eventuell seglingsstart for skipet.

Offshore-reiarlag blei tapar
Eit anna Sævik-selskap Havila Shipping, blei dagens tapar i nordvest, trass i rekordrater i offshore om dagen. Aksjekursen enda ned 8,00 prosent til 16,80 kroner.

Et fat nordsjøolje lå rundt børsslutt på 112,5 dollar fatet - en markert nedgang fra før helga.

Hovedindeksen på Oslo børs endte med solid oppgang på 1,54 prosent til 1.214,53.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Atlantic Sapphire 22,36 17,01 %
Hofseth Biocare 3,89 3,73 %
Hav Group 14,5 3,57 %
Salmon Evolution 8,25 3,38 %
Hexagon Purus 28,24 2,02 %
Arctic Bioscience 15 0,66 %
Hexagon Composites 28,5 0,49 %
Havila Kystruten 19 0,26 %
Statt Torsk 2,32 -0,85 %
Havyard Group 3,91 -1,51 %
Endúr 24,45 -2,20 %
Sparebanken Møre 75,5 -3,17 %
Golden Energy Offshore Services 2,21 -5,15 %
Nortel 17 -5,56 %
Norva24 Group * 33,205 -6,46 %
Havila Shipping 16,8 -8,00 %
*I svenske kroner

Publisert: 20.06.2022 16:37

Sist oppdatert: 20.06.2022 17:57