Der passerte spotrata to millionar
Offshorereiar forventar ytterlegare auke etter å ha oppnådd rater på vel 2,1 millionar kroner.
Det er dei to skipa Magne Viking og Loke Viking til Kristiansand-baserte Viking Supply Ships som får denne raten på 175.000 britiske pund i døgnet, som i norske kroner utgjer vel 2,1 millionar.
Arbeidet går ut på å taue og forankre det flytande produksjonsskipet Hawene Brim.
- Slike rater er etterlengta, men med dagens avgrensa tilgang til ankerhandlarar, forventar vi ytterlegare auke, seier adm. dir. Trond Myklebust i Viking Supply Ships.
Britisk sektor
Det 252 meter lange produksjonsskipet har vore til verksted i Haugesund, men er no på veg ut att til Piercefeltet på britisk sektor med Loke Viking som slepebåt.
Hawene Brim kom til Aibel-verftet i Haugesund i desember i fjor, og har vorte oppgradert til også å kunne eksportere gass.
Ifølgje skipsmeklaren Westshore er arbeidet to døgn fast, med daglege opsjonar i inntil åtte dagar for Magne Viking og Loke Viking.
Få ledige skip
Laurdag oppnådde Havila Shipping-skipet Havila Jupiter hittil årsbeste spotrate, då ein fekk vel 1,9 millionar kroner døgnet for å flytte riggen Valaris Viking til Yme-feltet.
Av ankerhandlarar ligg det no tre ledige på norsk side og kun ein på britisk side av Nordsjøen, ifølgje Westshore.
Publisert: 20.06.2022 10:14
Sist oppdatert: 20.06.2022 18:13