Havila Jupiter 26398100504
RIGGFLYTT: God betaling for Havila Jupiter for å flytte riggen Valaris Viking. Foto: Wikimedia Commons
Nytt

Får 1,9 millionar dagen for Havila Jupiter

Ny rekordsum for riggflytt i Nordsjøen.

19.06.2022

Havila Shipping får 160.000 britiske pund i døgnet for å flytte riggen Valaris Viking. Med dagens pundkurs, utgjer det over 1,9 millionar kroner, som er hittil årsbeste spotrate i Nordsjøen.

Ifølgje Marine Traffic er slepet på veg til Yme-feltet i Nordsjøen. Søndag klokka 11:00 er slepet sør for Mandal, og går vestover med ei fart på fire knop.

Ifølgje skipsmeklaren Westshore er kontrakten på to døgn fast, og med daglege opsjonar i inntil tolv dagar.

Få ledige skip
Havila Jupiter vart levert frå Havyard Leirvik i 2010. Skipet er 92 meter langt, 22 meter breidt, og var ved levering av dei kraftigaste ankerhandlarane.

Det er smått med ledig tonnasje i Nordsjøen, slik at det kan gå mot gode rater for offshoreselskapa framover.

Ifølgje oversikta frå Westhore er Normand Prosper einaste tilgjengeleg ankerhandlaren i Norge.

I UK er Magne Viking og Brage Viking klare for nye oppdrag etter dei to Viking Supply Ships-eigde ankerhandlarane er ferdige med å flytte riggen Ocean Endeavor, der operatøren Shell betalte over 1,6 millionar kroner døgnet.

Publisert: 19.06.2022 11:06

Sist oppdatert: 19.06.2022 22:21

Mer om