Bent Martini anløp Havila Pollux foto Marius Rosbach 111
OPPTUR: Reiarsjef Bent Martini kan gle seg over at Havila Kystruten-aksjen fekk ein god børsdag etter mykje motgang. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Børsdagen: Lysglimt i mørk seglas

Opptur for Havila-reiarlag på raud børs.

Marius Rosbach
08.02.2024

Hovudindeksen på Oslo Børs hadde ei ny tung dag med eit fall på 0,85 prosent til 1.236,59 poeng torsdag.

Dei to Herøy-reiarlaga Havila Kystruten og Havila Shipping var børsvinnarane frå Nordvestlandet.

Førstnemnde aksje steig steig meir enn åtte prosent, men sank litt tilbake før stengetid. Offshoreaksjen var opp meir enn fire prosent, men også denne fall litt tilbake mot slutten av dagen.

Utviklinga for begge aksjane har peika ned det siste året.

Kystruten-aksjen fall bratt frå kring ti kroner i fjor vår, og bikka under ei krone utover hausten. Sluttkursen på 0,786 kroner prisar selskapet til kring 670 millionar kroner.

Havila Shipping-aksjen har gått jamnt nedover frå kring 20 kroner for eitt år sidan. Sluttkursen torsdag vart på 4,815 kroner. Den prisar reiarlaget til 114 millionar.

Saka er oppdatert med børstabell for Nordvestlandet

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Havila Kystruten 0,79 7,67 %
Havila Shipping 4,82 3,77 %
Arctic Bioscience 9,88 2,28 %
Hexagon Composites 24,00 1,52 %
Endúr 41,00 0,99 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 3,11 0,97 %
Hexagon Purus 7,46 0,81 %
Sparebanken Møre 86,23 0,69 %
Hav Group 10,95 0,46 %
Norva 24 Group* 27,55 0,00 %
Hofseth Biocare 2,54 -0,39 %
Golden Energy Offshore Services 1,42 -0,70 %
Salmon Evolution 7,06 -1,40 %
Atlantic Sapphire 1,74 -2,14 %
* Kurs i SEK

Publisert: 08.02.2024 16:37

Sist oppdatert: 08.02.2024 16:51

Mer om