Oslo Børs Foto Marius Rosbach 11
Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Børsdagen: Meir jojo-utvikling for hydrogenselskap

Pilane peika opp for dei fleste selskapa frå Nordvestlandet.

Marius Rosbach
08.04.2025

Etter nokre dagar med kraftig uro og mange raude tal på Oslo Børs, steig hovudindeksen tysdag. 

Då handelen stengte var den opp 0,82 prosent i løpet av dagen til 1401,52 prosent. Det er 1,65 prosent under nivået ved inngangen til året.

Hexagon Purus-aksjen fall mest av aksjane frå Nordvestlandet tysdag, etter ein kraftig oppgang dagen i forvegen. Sluttkursen enda på 1,57 kroner ned 18 prosent. 

Det er eit historisk lågt nivå for produsenten av hydrogentankar. Selskapet vart børsnotert i desember 2020 og var oppe i over 80 kroner aksjen tidleg i 2021. 

Berre etter februar i år har kursen vore under to kroner aksjen. 

SelskapKurs i kroner%-endring i dag
Arctic Biosciencekr                   4,25 6,25 %
Atlantic Sapphirekr                   6,00 9,07 %
Endúrkr                72,00 -1,37 %
Golden Energy Offshore Serviceskr                16,90 5,30 %
Hav Groupkr                   7,02 0,57 %
Havila Kystrutenkr                   0,88 0,69 %
Havila Shippingkr                   1,10 -6,78 %
Hexagon Compositeskr                18,78 1,62 %
Hexagon Puruskr                   1,57 -17,75 %
Hofseth Biocarekr                   2,03 1,50 %
Norva 24 Group*36,15 kr  0,56 %
Romsdal Sparebankkr              123,98 1,54 %
Salmon Evolutionkr                   5,78 3,96 %
Sparebanken Mørekr                99,25 -0,75 %
* Kurs i SEK  
   

Publisert: 08.04.2025 17:00

Sist oppdatert: 08.04.2025 17:00