Torsdag varsla Statkraft-sjef Birgitte Ringstad Vartdal at selskapet ikkje vil satse på nye hydrogenprosjekt og ser etter kjøparar til dei prosjekta som ikkje blir avvvikla.
Laga av kraft frå fornybar energi, er hydrogen ein energiberar som ikkje gir utslepp av CO2. Men per i dag er hydrogen ikkje lønsamt utan statstøtte, ifølgje Statkraft-sjefen, og dermed er det kroken på døra.
I dag refererer Dagens Næringsliv eit brev Kjell Inge Røkke har skrive til medaksjonærane i Mainstream Renewable Power (MRP), som no blir ein det av Aker-konsernet.
"Norsk havvind er ikke lenger av interesse for MRP", skriv han i et brevet.
Grunn? Det er for dyrt.
"Vi klarer ikke å regne det hjem, og kontantstrømmen renner ut før det muligens er lønnsomhet langt frem i tid.", heiter det brevet.
Begger vurderingane kan få utslag på Nordvestlandet, der både dei børsnotere selskapa Hexagon Purus og Hav Group - i tillegg til Norwegian Hydrogen, satsar på hydrogenmarknaden.
Vindmarknaden har gitt oppdrag både til reiarlag og verft dei siste åra, og vil tape i tilfelle Røkke sine vurderingar skulle få tilslutning.
Børstabell for Nordvestlandet:
| Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
| Arctic Bioscience | kr 2,60 | -8,13 |
| Atlantic Sapphire | kr 7,00 | 1,45 % |
| Endúr | kr 87,40 | 1,75 % |
| Golden Energy Offshore Services | kr 17,50 | 0,00 % |
| Hav Group | kr 6,68 | -1,76 % |
| Havila Kystruten | kr 1,09 | 0,00 % |
| Havila Shipping | kr 1,28 | 2,00 % |
| Hexagon Composites | kr 19,10 | 1,70 % |
| Hexagon Purus | kr 1,56 | -0,56 % |
| Hofseth Biocare | kr 2,12 | 0,95 % |
| Norva 24 Group* | 36,45 kr | 0,14 % |
| Romsdal Sparebank | kr 124,50 | -1,08 % |
| Salmon Evolution | kr 6,21 | 0,98 % |
| Sparebanken Møre | kr 102,00 | 0,28 % |
| * Kurs i SEK | ||
Publisert: 09.05.2025 15:37
Sist oppdatert: 09.05.2025 17:51






