Havila Kystruten var selskapet frå Nordvestlandet som steig mest på Oslo børs tysdag.
Trass i at reiarlaget melde om nok ei utsetting for jomfruseglasen for sitt tredje skip etter børsslutt måndag, steig aksjen 4,23 prosent til 9,86 kroner.
Det verdsett Herøy-reiarlaget til 736 millionar.
Les også
Arctic Bioscience var i den andre enden av børslista av selskapa frå regionen tysdag.
Aksjen var utpå ettermiddagen oppe i eit tosifra fall og dagsverste på børsen. Då handelen slutta vart fasiten eit fall på 8,81 prosent til 10,35 kroner, og 2. plass på taparlista for selskapet med hovudkontor i Ørsta.
Måndagens oljeprisauke held fram tidleg i handelen, men ved stengetid på Oslo børs var eit fat brentolje ned 0,25 prosent til 84,56 dollar.
Hovudindeksen på Oslo børs starta positivt, men snudde i løpet av dagen til eit fall på 0,59 prosent til 1.201,41.
Børstabell for Nordvestlandet:
| Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag | |
| Havila Kystruten | 9,86 | 4,23 % | |
| Salmon Evolution | 8,17 | 1,49 % | |
| Hofseth Biocare | 2,63 | 1,15 % | |
| Havila Shipping | 16,28 | 0,99 % | | |
| Norva24 Group * | 29 | 0,35 % | |
| Eqva (tidl. Havyard Group) | 3,22 | 0,00 % | |
| Endúr | 47,7 | -0,21 % | |
| Atlantic Sapphire | 5,53 | -0,54 % | |
| Golden Energy Offshore Services | 1,1 | -1,26 % | |
| Sparebanken Møre | 78,5 | -1,51 % | |
| Nortel | 30 | -1,96 % | |
| Hav Group | 11,1 | -2,63 % | |
| Hexagon Purus | 22,7 | -3,20 % | |
| Hexagon Composites | 31,14 | -3,41 % | |
| Statt Torsk | 1,02 | -6,85 % | |
| Arctic Bioscience | 10,35 | -8,81 % | |
| *I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen. | |||
Publisert: 04.04.2023 16:56
Sist oppdatert: 05.04.2023 09:07






