Arctic Bioscience fabrikk Christer Valderhaug Ill Arctic Bioscience Christer Valderhaug
Illustrasjon/foto: Arctic Bioscience/Ogne Øyehaug
Nytt

Har framleis mål om fabrikk i Ørsta

- Ambisjonen vår er framleis at vi skal produsere legemiddel på Sunnmøre, inne i Ørstafjorden, seier Arctic Bioscience-sjef Christer Valderhaug.

30.03.2023

Valderhaug presentere legemiddel- og helsekostselskapet på arrangementet Investormatch onsdag, og sa då at fabrikk ved hovudkontoret i Ørsta framleis er målet.

Innan eitt til to år kan det blir sett opp produksjonsutstyr i bygget som er der i dag. Eit nytt bygg og ein større fabrikk er det først behov for, om og når selskapet får godkjent legemiddel mot hudsjukdomen psoriasis.

Legemiddelet er basert på silderogn, og vert i år testa i ein internasjonal studie i fem land.

Når den er ferdig ventar nok ein studie, nesten like stor, før ei eventuell legemiddelgodkjenning kan vere klar.

Arctic Bioscience har tidlegare offentlegjort ein del av tala for 2022, og sende onsdag ut den fullstendige årsrapporten for 2022.

Les børsmelding her

Selskapet auka inntektene frå helsekostproduksjonen, men auka og kostnadane til testing og utvikling av legemiddel i fjor.

Arctic Bioscience as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt34,521,5
Driftsresultat-37,4-40,6
Resultat før skatt-34,0-42,6

Publisert: 30.03.2023 08:27

Sist oppdatert: 30.03.2023 18:32

Mer om