
Børsdagen: Opptur på positive effektar
Investorane likte dagens nyheit frå Arctic Bioscience
Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka
Arctic Bioscience presenterte onsdag nye data om arbeidet med å utvikle og få godkjent eit legemiddel mot hudsjukdomen psoriasis, ifølgje ei børsmelding.
Under «European Workshop on Lipid Mediators» i Edinburgh kunne dei fortelje at preparatet som er basert på silderogn, stimulerer til stimulerer til biosyntese av
spesialiserte signalmolekyler.
Det er lovande for å behandla psoriasis og andre inflammatoriske sjukdomar, heiter det i meldinga.
Investorane på børsen reagerte med å sende Arctic Bioscience -aksjen opp frå start onsdag.
Midt på dagen var kursen over ti kroner, men fall litt tilbake tidleg på ettermiddagen. Mot slutten av dagen gjekk kursen litt opp att - og enda dagen på 10 kroner aksjen etter ein oppgang på 5,82 prosent.
Kursen har svinga i underkant av ti kroner heile det siste året. Onsdagens sluttkurs prisar selskapet til drygt 250 millionar kroner.
Les også
Arctic Bioscience held på med ein større internasjonal studie for det dei håpar skal bli eit legemiddel mot psoriasis. Dei første resultata frå studien er klare til hausten.
Ytterlegare ei studie må til for å få legemiddelgodkjenninga. For å finansiere den, er både partnarskap eller kapitalutviding alternativ, har selskapet tidlegare opplyst.
Inntil godkjenninga eventuelt er på plass, er det helsekostmarknaden som sikrar inntektene for Arctic Bioscience, viste siste kvartalsrapporten.
Hovudindeksen på Oslo børs starta onsdagen med ein opptur onsdag etter to dagar i minus. Ved 13-tida var indeksen opp 0,53 prosent, men fall tilbake mot slutten av dagen. Indeksen slutta marginalt i minus på 1409,24 poeng.
Les også
Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Arctic Bioscience | kr 10,00 | 5,82 % |
Havila Shipping | kr 5,79 | 4,32 % |
Atlantic Sapphire | kr 9,00 | 2,61 % |
Hexagon Composites | kr 28,85 | 2,31 % |
Sparebanken Møre | kr 83,95 | 1,23 % |
Hexagon Purus | kr 7,46 | 0,67 % |
Hofseth Biocare | kr 2,03 | 0,50 % |
Romsdal Sparebank | kr 111,40 | 0,00 % |
Endúr | kr 53,90 | -0,19 % |
Havila Kystruten | kr 0,97 | -0,41 % |
Salmon Evolution | kr 7,61 | -0,65 % |
Hav Group | kr 10,85 | -0,91 % |
Golden Energy Offshore Services | kr 27,75 | -1,60 % |
Norva 24 Group* | 27,65 kr | -2,47 % |
* Kurs i SEK | ||
Publisert: 26.06.2024 12:59
Sist oppdatert: 26.06.2024 17:13