Gunnar Larsen innfelt aksjekurs januar 2024
OPPTUR: Hav Group-sjef Gunnar Larsen kan glede seg over ein kursoppgang på meir enn 36 prosent så langt i år. Foto: Hav Group
Nytt

Børsdagen: Pangstart på året

Investorane verkar å ha fått ei a-ha-oppleving. Hav-aksjen opp meir enn 30 prosent.

Marius Rosbach
19.01.2024

Fredag skaut av Hav Group-aksjen i veret etter at selskapet stadfesta ei kontrakt dei tidlegare hadde meldt.

Allereie etter ein halvtimes handel var aksjen opp over fem prosent. Fasiten ved slutten av dagen var ein oppgang på 11,4 prosent til 12,70 kroner. Det er eit nivå aksjen ikkje har vore på sidan mars i fjor.

Sidan børsåret 2024 opna har investorane sendt Hav-aksjen opp meir enn 36 prosent.

Nyheita fredag var at danske Esvagt er kunden som Hav Group skal utvikle eit fartøy for – og kontrakten var meldt allereie 8. januar. Elles har ikkje selskapet kome med meldingar som skulle tilseie kursoppgangen.

Samtidig er dei i ferd med å sikre seg ein av sine største kontraktar nokon gong med fire Fjord1-ferjer – ei nyheit som blei kjent før jul i fjor.

No verkar det som investorane meiner at selskapet har vore lågt prisa. Det vart også antyda i tittelen hos Finansavisen fredag føremiddag, som understreka at fredagens avtale på 100 millionar utgjorde 25 prosent av børsverdien til selskapet.

I løpet av fredagen hadde børsverdien auka betydeleg og enda kring 445 millionar.

Hovudindeksen på Oslo børs slutta vekas siste dag med ein liten oppgang og enda på 1.278,01 poeng.

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Hav Group kr 12,70 11,40 %
Arctic Bioscience kr 10,50 7,80 %
Norva 24 Group* 26,65 kr 4,51 %
Endúr kr 41,90 3,71 %
Havila Kystruten kr 0,73 1,39 %
Atlantic Sapphire kr 1,56 0,39 %
Salmon Evolution kr 6,74 0,15 %
Hofseth Biocare kr 2,65 0,00 %
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 3,15 0,00 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,38 -0,86 %
Sparebanken Møre kr 83,90 -1,29 %
Hexagon Composites kr 24,56 -1,92 %
Havila Shipping kr 5,17 -2,08 %
Statt Torsk kr 0,57 -3,05 %
Hexagon Purus kr 8,77 -3,52 %
* Kurs i SEK

Publisert: 19.01.2024 17:10

Sist oppdatert: 19.01.2024 17:27

Mer om