HAV design ESVAGT januar 2024 illustrasjon hav design
OPPDRAG I NEDERLAND: Når Esvagt-skipet er ferdig, skal det inn i arbeid på den nederlandske vindparken. Den danske reiarkjempen har ein flåte på kring 40 skip.
Nytt

Børsopptur etter vindskip-avtale nummer 12

Hav Group utviklar nok eit skip for Esvagt. Bygginga skjer i Tyrkia.

Marius Rosbach
19.01.2024

Hav Group skal utvikle eit nytt fartøy til vindkraftmarknaden for Esvagt, opplyser selskapet i ei børsmelding fredag.

Hav Group skal både stå for design og levere utstyr til fartøyet. Kontraktsverdien er på i overkant av 100 millionar kroner.

Investorane reagerte med å sende Hav Group-aksjen opp over fem prosent frå start fredag. Etter ein halvtimes handel var kursen på 11,95 kroner - det høgaste nivået sidan i fjor vår.

Blir bygd i Tyrkia
Leveransen inkluderer system for framdrift, motorar, propeller og posisjoneringssystem. Hav Design – eit dotterselskap i Hav Group - er kontraktspartner. Også dotterselskapet Norwegian Electric Systems har leveransar som følgje av avtalen.

Hav Group melde om avtalen 8. januar, men då var det ikkje klart kva for skip eller kunde det var snakk om.

No er det klart at servicefartøyet for vindkraft (SOV) skal byggjast ved Cemre-verftet i Tyrkia.

Havvindskip nummer 12 til Esvagt
Salsdirektør Gisle Vinjevoll Thrane i Hav Group påpeiker at dei er godt kjent med det danske reiarkjempen sine kvalitetskrav, og at dei ser fram til arbeidet.

– Dette er den tolvte SOV-en vi utviklar saman med Esvagt, som i 2010 var først ute med å ta i bruk SOV-er, uttaler salsdirektør Gisle Vinjevoll Thrane i Hav Group.

Når skipet er ferdig, skal det inn i arbeid på den nederlandske vindparken Hollandse Kust West VI sør i Nordsjøen.

Fleire oppdrag på slutten av 2023
På slutten av fjoråret fekk Hav Group oppdraget med å designe ein brønnbåt for North Salmon Service og ny kontrakt med Scandi Line om ei ladestasjon for ei ferje mellom Tysland og Danmark.

Ordreinngangen til Hav Group i 3. kvartal 2023 var 288 millionar kroner, opp frå 61 millionar i 3. kvartal 2022. Ordreboka ved utgangen av kvartalet var 607 millionar kroner, opp frå 481 millionar kroner etter årets ni første månadar i 2022.

Rapporten for fjerde kvartal 2023 kjem 15. mars.

Då Hav Group la fram kvartalsrapporten for 3. kvartal 2023 held selskapet fast på målet om at det nå 1,3 milliardar kroner i årleg driftsinntekt i 2025.

Havyard design til Esvagt
LANGT SAMARBEID: Esvagt som tidlegare har utvikla ein rekke skip for havvind i samarbeid med Hav Group, skal ha nok eit skip til denne marknaden. Foto: Hav Group

Publisert: 19.01.2024 08:47

Sist oppdatert: 19.01.2024 09:26

Mer om