Havila Castor dåp Per Sævik Foto Havila Kystruten 11
OPPTUR: Per Sævik og familien eig 60,42 prosent i Havila Kystruten gjennom Havila Holding. Biletet er frå dåpen av Havila Castor, eitt av fire skip i selskapet. Foto: Havila Kystruten
Nytt

Børsdagen: Rett opp for Havila Kystruten

Opp over 19 prosent etter børsmelding.

19.05.2023

Aksjekursen til Havila Kystruten steig 19,78 prosent i dag, til 7,60 kroner per aksje. Berre to selskap auka meir i verdi på Olso Børs i dag.

Det er meldinga i dag tidleg om at dei naudsynte formalitetar no er på plass, slik at både amerikanske og britiske långivarar kan vere med på refinansiering av selskapet, som løftar kursen.

No kan dei to siste av selskapet sine fire skip settast i drift.

Havila Kystruten var opphavleg finansiert at det statseigde russiske finansieringsselskapet GTLK, som er omfatta av sanksjonane mot Russland på grunn av krigen mot Ukraina.

Arbeidet med fri seg frå banda til GTLK - og dermed konsekvensen av sanksjonane - har tatt mykje lenger tid enn Havila Kystruten hadde håpa på. Selskapet hadde allereie i september i fjor nye långivarar på plass.

"Havila Kystruten har inngått avtaler om refinansiering av selskapet skip. Finansieringen utgjør samlet 370 millioner euro og dekker betaling til Tersan ved levering av Havila Polaris og Havila Pollux samt innløsning av eksisterende gjeld knyttet til alle skipene.", heitte det i ei børsmelding 15. september 2022.

Etterpå har det gått så lang tid med å få alle formalitetane på plass at Havila Kystruten må starte arbeidet med å få investorar som vil gi lån på nytt. Arbeidet er allereie i gang, med Fearnleys Securities og Arctic Securities som innleigde meklarhus.

Artikkelen er oppdatert etter børsslutt, mellom anna med aksjekursar til børsnoterte selskap på Nordvestlandet.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Havila Kystruten 7,60 19,78 %
Hexagon Composites 29,20 6,96 %
Arctic Bioscience 10,15 5,73 %
Hexagon Purus 22,00 3,53 %
Havila Shipping 15,38 2,26 %
Eqva (tidlegare Havyard Group) 3,15 1,61 %
Atlantic Sapphire 4,82 1,58 %
Sparebanken Møre 77,11 1,47 %
Salmon Evolution 6,98 1,45 %
Hofseth Biocare 3,12 0,95 %
Golden Energy Offshore Services 1,17 0,86 %
Statt Torsk 0,59 0,34 %
Nortel 33,00 0,00 %
Hav Group 10,30 0,00 %
Norva 24* 26,15 0,00 %
Endúr 40,60 -0,73 %
*Svenske kroner

Publisert: 19.05.2023 11:20

Sist oppdatert: 19.05.2023 16:52