Lars Peder Solstad Solstad Offshore
DIALOG: Dialogen mellom aksjonærane held fram etter at refinansieringa av Solstad Offshore er på plass, ifølgje Solstad Offshore-sjef Lars Peder Solstad.
Nytt

Børsdagen: Solstad-finansiering på plass...

...men aksjonærstriden er ikkje over.

16.01.2024

Offshorereiarlaget Solstad Offshore har gjennomført refinansieringa som selskapet melde om, i oktober i fjor, skriv selskapet i ei børsmelding.

Refinansiering har fleire element, mellom anna at storparten av flåten blir flytta inn eit nytt selskap og at Aker-systemet aukar sin eigarandel.

Refinansieringsforslaget utløyste ein strid mellom Aker-systemet med Kjell Inge Røkke i spissen og investor Christen Sveaas og hans investeringsselskap Kistefoss.

Sveaas meiner refinansieringa er ei overføring av verdiar til Aker fraå dei øvrige aksjonærane og at andre aksjonærar også burde fått sjansen til å delta og oppretthalde sin eigarandel.

Den striden er ikkje over med tysdagens melding.

Solstad Offshore-sjef Lars Peder Solstad seier til Dagens Næringsliv at dialogen mellom aksjonærane held fram.

"Det er avtalt nye møte fremover. Dialogen fortsetter. Så var det viktig å få på plass finansieringen per i dag, som er i henhold til fremdriften vi tidligere har skissert. Vi legger opp til en fortsatt konstruktiv dialog fra vår side. Det er ingenting med dagens gjennomføring som står i veien for det", seier Solstad til avisa.

Artikkelen eroppdatert med aksjekursar for børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at børshandelen var over i ettermiddag.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Arctic Bioscience 10,10 10,99 %
Atlantic Sapphire 1,53 3,95 %
Hav Group 11,05 2,31 %
Endúr 41,90 2,20 %
Hofseth Biocare 2,60 1,96 %
Norva 24 Group* 25,65 1,79 %
Salmon Evolution 6,89 1,62 %
Havila Kystruten 0,74 1,37 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 3,13 -0,63 %
Havila Shipping 5,22 -1,51 %
Golden Energy Offshore Services 1,32 -2,22 %
Sparebanken Møre 81,60 -3,43 %
Hexagon Composites 25,50 -4,06 %
Hexagon Purus 9,25 -4,84 %
Statt Torsk 0,60 -5,96 %
* Kurs i SEK

Publisert: 16.01.2024 13:35

Sist oppdatert: 16.01.2024 19:38

Mer om