Statt torsk oppdrettsanlegg foto statt torsk
ADJØ TIL BØRSEN: 1. februrar er siste sjansen til å handle Statt Torsk-aksjar på Oslo Børs. Foto: Statt Torsk
Nytt

Børsdagen: Statt Torsk av børs

Atlantic Sapphire dagens børsvinnar frå nordvest.

26.01.2024

Torsdag 1. februar blir siste dag for kjøp og sal av aksjar i Statt Torsk, som driv torskeoppdrett på Nordvestlandet.

Sjå børstabell for Nordvestlandet under

Då Statt Torsk måtte ha kapitalpåfyll i fjor enda det med ei samanslåing med konkurrenten Vesterålen Havbruk. Det betyr eitt selskap mindre frå Nordvestlandet som er børsnotert.

Sidan samanslåinga blei vedtatt har kjøp og sal av aksjar handla om å få ein eigarandel i det samanslåtte selskapet.

Les børsmelding her

Bytteforholdet er at ein aksje i Statt Torsk gir 0,048168 aksjar i Vesterålen Havbruk. Vesterålen Havbruk er ikkje børsnotert. Då intensjonavtalen om samanslåing blei offentleggjort i august 2023 var Vesterålen Havbruk verdsett til 610 millionar kroner og Statt Torsk til 255 millionar kroner. På børsen er Statt Torsk verdsett til 130 millionar i dag. Det interessante med verdsettinga er ikkje prisen, men korleis bytteforholdet er.


I 2023 vart det børsnoterte mobiltelefonselskapet Nortel i Ålesund seld til konkurrenten Unifon og tatt av børs.

Eqva, tidlegare Havyard Group, skal framleis vere børsnotert, men har vedtatt å flytte hovudkontoret frå Herøy til Kvinnherad. Selskapet har ikkje lenger aktivitet på Nordvestlandet, og når flyttinga er gjennomført vil NETT NO ikkje lenger ha Eqva med i den daglege oversikta over børsnoterte selskap på Nordvestlandet.

Hovudindeksen på Oslo børs gjekk opp med 0,65 prosent fredag, men er framleis under 1300 poeng. Fredag ettermiddag stoppa indeksen på 1293,52.

Atlantic Sapphire var dagens børsvinnar av selskapa frå regionen, utan at det landbaserte oppdrettsselskapet har kome med nyheiter. Dagens tapar var Hav Group, som dei siste vekene har stige kraftig.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Atlantic Sapphire kr 1,76 12,55 %
Endúr kr 41,00 2,50 %
Havila Shipping kr 5,45 1,87 %
Sparebanken Møre kr 85,51 0,60 %
Hofseth Biocare kr 2,58 0,39 %
Statt Torsk kr 0,62 0,32 %
Salmon Evolution kr 6,96 0,29 %
Arctic Bioscience kr 10,50 0,00 %
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 3,19 -0,31 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,39 -0,57 %
Norva 24 Group* 28,20 kr -0,88 %
Havila Kystruten kr 0,72 -1,37 %
Hexagon Composites kr 24,44 -1,77 %
Hav Group kr 11,60 -2,93 %
Hexagon Purus kr 8,92
* Kurs i SEK

Publisert: 26.01.2024 10:12

Sist oppdatert: 26.01.2024 17:27

Mer om