Christer Valderhaug Converto foto Ogne
NEDTUR: Salet frå helsekost gjekk ned i tredje kvartal, viste tala frå Arctic Bioscience-sjef Christer Valderhaug. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Tommelen ned frå investorane

Nedur for bioteknologi. Opptur for Havila Shipping etter ny kontrakt.

Marius Rosbach
02.11.2023

Arctic Bioscience-aksjen enda torsdagen med eit fall på seks prosent til 8,46 kroner aksjen. Ingen andre selskap frå Nordvestlandet fall meir på Oslo børs.

Verdifallet kom etter at selskapet tidleg på dagen la fram kvartalsrapporten som viste lågare sal i helsekostmarknaden.

Ørsta-selskapet utviklar også legemiddel mot psoriasis basert på silderognolje. I midten av 2024 ventar dei svar på ein større internasjonal studie i dette arbeidet.

Havila Shipping-aksjen var i andre enden av skalaen etter nokre tunge dagar.

Kursen steig drygt fire prosent til 6,47 kroner aksjen etter at reiarlaget melde om ny kontrakt.

Det er Equinor som har forlenga oppdraget til PSV-en Havila Charisme med eitt år til midten av desember 2024. Selskapet har også tre nye opsjonar i kontrakta - kvart på eitt år, ifølgje børsmeldinga.

Hovudindeksen på Oslo børs hadde ein dag med oppgang - på drygt 0,8 prosent til 1291,8 poeng.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Hexagon Composites kr 26,70 4,71 %
Havila Shipping kr 6,47 4,35 %
Norva 24 Group* 18,84 kr 2,61 %
Salmon Evolution kr 6,08 1,67 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,29 1,42 %
Hav Group kr 9,18 1,32 %
Atlantic Sapphire kr 1,40 1,30 %
Hexagon Purus kr 10,90 1,11 %
Endúr kr 39,90 1,01 %
Sparebanken Møre kr 76,15 0,86 %
Statt Torsk kr 0,48 0,00 %
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 2,50 0,00 %
Hofseth Biocare kr 2,85 -1,38 %
Havila Kystruten kr 0,79 -1,50 %
Arctic Bioscience kr 8,46 -6,00 %
* Kurs i SEK

Publisert: 02.11.2023 17:11

Sist oppdatert: 02.11.2023 17:13

Mer om