OFS foto OFS
GÅR SEINT: Det landbaserte oppdrettselskpet Ofs ved Måløy treng 16 millionar kroner til for å nå minstemålet for kapitalutvidinga si. Illustrasjon: OFS
Nytt

Børsdagen: Tung marknad for OFS

Etter årsskiftet har det gått tregt for kapitalutvidinga i det landbaserte oppdrettsselskapet OFS i Måløy.

11.01.2024

I løpet av romjula passerte selskapet 40 millionar kroner i kapitalinnhentinga si og selskapet forlenga fristen for å vere med på emisjonen.

Minstemålet er å hente inn 56,25 millionar kroner for å finansiere utbygging og vidare vekst. Oversikta hos Dealflow, som er finansieringsplattformen kapitalutviding blir gjort på, viser at investorar per i dag har teikna seg for 40,3 millionar kroner. Det har med andre ord vore stillstand i år.

Om ikkje interessa skyt fart vil selskapet truleg utvide fristen for å teikn seg for å få meir tid til å få inn pengane selskapet vil ha. Samstundes er det verdt å spørje om dei nye investorane er blitt lokka med ein for liten bit av kaka.

Selskapet er verdsett til 438 millionar kroner før kapitalutvidinga. Om OFS når maksimumsmålet på 65 millionar kroner i ny eigenkapital vil pengane som blir skote inn i selskapet gi ein eigarandel på 17,34 prosent.

Artikkelen er oppdatert med aksjekursar for børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at børshandelen stengte i ettermiddag.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Statt Torsk 0,67 3,08 %
Hexagon Composites 27,86 1,38 %
Endúr 39,90 1,27 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 3,10 0,98 %
Norva 24 Group* 23,95 0,63 %
Hofseth Biocare 2,60 0,39 %
Hexagon Purus 10,20 0,00 %
Hav Group 0,15 0,00 %
Havila Kystruten 0,73 0,00 %
Salmon Evolution 6,88 -0,43 %
Sparebanken Møre 83,80 -0,59 %
Arctic Bioscience 10,00 -0,99 %
Havila Shipping 5,35 -2,73 %
Atlantic Sapphire 1,46 -4,20 %
Golden Energy Offshore Services 1,33 -4,86 %
* Kurs i SEK

Publisert: 11.01.2024 16:15

Sist oppdatert: 11.01.2024 17:46