Geir Håøy kongsberg
KONGSBERG: Eit tilbakeblikk på aksjekursen til Kongsbegr-sjef Geir Håhøy, gjer at ein trygt kan slå fast at investeringa til staten i 2019 har vore vellukka. Foto: Kongsberg Gruppen
Nytt

Børsdagen: Vellukka investering så langt

Kongsberg Maritime-investeringa til staten snart firedobla.

Marius Rosbach
27.04.2023

Kongsberg Gruppen la torsdag fram eit resultat som overgjekk investorane sine forventingar.

Sterk vekst i våpendivisjonen er ei viktig årsak til det gode resultatet konsernet leverte. Men Kongsberg Maritime med avdelingar på Ulsteinvik, Hjørungavåg, Ålesund, Brattvåg og Longva leverte sterke tall. Om lag halvparten av ordreinngangen på 5,1 milliardar, kom frå nybygg.

I løpet av dagen steig Kongsberg-aksjen med 3,18 prosent til 479,6 kroner aksjen.

Eit tilbakeblikk viser at verdien på aksjen har stege jamnt og trutt heilt sidan sommaren 2019, nokre månader etter oppkjøpet av dåverande Rolls-Royce Marine.

Sidan den norske staten i slutten av april for fire år investerte kring 2,5 milliardar kroner, har aksjekursen stege nær fire gongar i verdi frå kring 105 kroner aksjen i august 2019.

Hexagon Purus og Hexagon Composites var dagens vinnarar på børsen av selskapa frå Nordvestlandet.

Størst fall hadde Havila Shipping, medan kursen til Sparebanken Møre – som la fram kvartalstal torsdag, stod stille.

Hovudindeksen på Oslo børs enda i pluss med 0,69 prosent til 1213,16.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Hexagon Purus 22,5 4,65 %
Hexagon Composites 31,72 3,26 %
Norva24 Group * 27,5 2,42 %
Atlantic Sapphire 5,13 0,98 %
Endúr 45,1 0,67 %
Salmon Evolution 7,86 0,64 %
Sparebanken Møre 76,8 0,07 %
Statt Torsk 0,876 0,00 %
Arctic Bioscience 10,2 0,00 %
Havila Kystruten 9,3 0,00 %
Hav Group 10,9 0,00 %
Nortel 32,8 0,00 %
Golden Energy Offshore Services 1,12 0,00 %
Hofseth Biocare 3,43 -0,29 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 3,2 -2,44 %
Havila Shipping 15,84 -4,00 % |

Publisert: 27.04.2023 17:56

Sist oppdatert: 17.06.2023 22:55