Lisa Edvardsen Haugan Kongsberg Maritime foto Marius Rosbach 11
GODT RESULTAT: Kongsberg Maritime-sjef Lisa Edvardsen Haugan legg fram sterke tall i den siste kvartalsrapporten. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Kraftig vekst for Kongsberg Maritime

Har signert nye ordrar for sju milliardar kroner i løpet av siste kvartal.

27.04.2023

Kongsberg Gruppen leverer sterke tal i første kvartal, med 9,8 milliardar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 988 millionar.

Sterke tal leverer også Kongsberg Maritime, som har mykje av si verksemd på Nordvestlandet.

Omsetninga passerte 4,6 milliardar kroner, og driftsresultatet enda på solide 508 millionar kroner.

(saka held fram etter tabellen)

Kongsberg Maritime
1. kvartal (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 4624 3737
Driftsresultat 508 185

LNG transportskip
Kongsberg Gruppen viser i ei børsmelding til at auken skuldast meir volum både til nybygg og i ettermarknaden.

Men når det gjeld det gode resultatet på botnlinja skuldast dette også auka effektivitet.

I kvartalet har Kongsberg Maritime signert nye ordrar for sju milliardar kroner. Om lag 55 prosent av dette kjem frå nybygg. Det vert spesielt vist til mange ordrar til LNG transportskip, der dei fleste vert bygde i Sør-Korea og Kina.

I tillegg vert det vist til positiv utvikling i ettermarknaden, med mange nye kontraktar. Her hjelper det på at det har kome nye krav frå EU og IMO (International Maritime Organization), saman med eit generelt ønske og engasjement frå bransjen for meir miljøvenlege løysingar.

Solid ordrereserve
Kongsberg Maritime hadde ved utgangen av 1. kvartal 2023 ein ordrereserve på 19.135 milliardar kroner, ein auke på 2,7 milliardar gjennom kvartalet.

Konsernet viser til at det på verdsbasis det siste året har vore prega av både komponentmangel og auka inflasjon. Komponentsituasjonen vert opplevd å ha betra seg litt, og det går ikkje så lang tid å få tak i enkelte kritiske komponentar.

Derimot har den høge inflasjonen berørt heile verdikjeda, frå råvare til ferdig produkt. Dette har også prega totalkostnaden for sluttkunden, noko som kan ha betydning for etterspørselen etter nye fartøy.

Usikkert verdsbilde
I børsmeldinga viser konsernsjef Geir Håøy til at det framleis er eit usikkert verdsbilde der både den brutale russiske krigen i Ukraina og vedvarande inflasjon påverkar både enkeltmenneske og nasjonar.

- Samtidig er verda inne i ein omstillingsprosess mot betre energiutnytting og grønare energikjelder, ein omstillingsprosess som vi er ein viktig del av, seier Håøy.

I Kongsberg Maritime er det totalt 6.342 tilsette.

I tillegg til Kongsberg Maritime er det forsvarsdelen av konsernet som gjer det best. Børsverdien har stige kraftig etter Russlands invasjon av Ukraina, og verdien på konsernet er no på over 82 milliardar kroner.

Publisert: 27.04.2023 07:49

Sist oppdatert: 27.04.2023 12:47

Mer om