Eirik Kavli Ørskog Sparebank foto Ogne
VENTAR UTLÅNSVEKST: Ørskog Sparebank-sjef Eirik Kavli auka talet på tilsette i fjor, mellom anna for å kunne handtere ein større utlånsvekst. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Låneviljen tok seg opp i slutten av 2024

Ørskog Sparebank ventar større utlånsvekst i år enn i fjor.

07.03.2025

Ørskog Sparebank auka utlåna med fem prosent i fjor. Mot slutten av året merka administrerande direktør Eirik Kavli ei omslag, og utviklinga har halde fram i år.

– No merkar vi at det er betydlege meir etterspørsel i marknaden, seier Kavli. 

Han reknar med at utlånsveksten i år kjem til å bli høgare enn den var i fjor.

Privatkundar
Medrekna lån som blir gitt gjennom samarbeidspartnaren Eika Boligkreditt er 83 prosent av låna banken gir til privatkundar. Oppsving i låneetterspørselen for banken er difor først og fremst eit teikn på oppsving i bustadmarknaden.

Banken har hovudkontor på Sjøholt, men har i fleire år også satsa på resten av Ålesund kommuen og kommunane rundt. 

I fjor bytta banken til større lokale i bygget dei i fleire år har hatt avdelingskontor i på Moa, like ved Amfi Moa. Plasseringa i det trafikknutepunktet gjer banken meir synleg, og trekkjer til seg fleire kundar seier Kavli.

Fleire tilsette
I kvartalsrapporten per 3. kvartal skreiv banken at den hadde auka bemanning og venta effekt av det i from av auka utlån allereie i fjerde kvartal.

Banken har no 25 tilsette. To av dei har Moa som fast kontorstad, i tillegg til at ytterlegare to-tre tilsette roterer på å arbeide frå Moa-kontoret.

Ørskog Sparebank (konsern)  
Tal i mill. kroner20242023
Inntekt112,7106,8
Resultat før tap56,749,6
Resultat før skatt53,943,7

Tidlegare har både Sparebanken Møre, Romsdalsbanken og Sparebank 1 SMN levert kvartalsrapportar per 4. kvartal.

Også Sparebank 1 Sogn og Fjordane han nyleg levert sine 2024-tal. 

Les børsmelding frå Sparebank 1 Sogn og Fjordane

Medrekna lpng gjennom SpareBank 1 Boligkreditt har Sparebank 1 Sogn og Fjordane  ein vekst i utlån til privatmarknaden med 4,5 dei siste månadane,  og utlån til bedriftsmarknaden  med 4,2 prosent.

Sparebank 1 Sogn og Fjordane  
Per 4. kvartal. I mill. kroner20242023
Inntekt 20101667
Resultat før tap12661121
Resultat før skatt12461108
   
Sparebank 1 Sogn og Fjordane  
4. kvartal. I mill. kroner20242023
Inntekt424410
Resultat før tap177259
Resultat før skatt161260

Publisert: 07.03.2025 09:11

Sist oppdatert: 07.03.2025 09:23

Mer om