Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre er største eigenkapitalbeviseigar i Sparebank 1 SMN, med 7,26 prosent av eignkapitalbevisa.
Banken forslår eit utbytte på 12,50 kroner per eigenkapitalbevis etter 2024, går det fram av kvartalrapporten per 4. kvartal. Eit slikt utbytte gir 131 millionar kroner i kassa til stiftinga.
Det kom fram då banken la fram rapport for 4. kvartal i fjor.
Les børsmelding her (ekstern lenke)
Samfunnsutbytte
Sparebank 1 SMN er dels eigd av eigenkapitalbeviseigarane og dels sjølveigande. Det betyr at utbytte til eigenkapitalbeviseigarane skal balanserast ut med ei like stort avsetning til den sjølveigande delen, som banken kan bruke til å støtte almennyttige formål.
Etter 2024 utgjer det ei avsetning på 846 millionar kroner, der 240 millionar skal delast ut som støtte til ulike formål.
Selde seg ned
Etter 2023 fekk Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre 155 millionar kroner utbytte, sjølv om utbyttet då var 12 kroner per eigenkapitalbevis, 50 øre mindre enn banken foreslår no.
Grunnen til at utbyttet til stiftinga er redusert er at stiftinga selde eigenkapitalbevis i Sparebank 1 SMN for 400 millionar kroner i fjor haust og dermed reduserte sin eigarandel frå 8,99 til 7,26 prosent.
Då fusjonen med Sparebank 1 SMN blei vedteke hausten 2022, var ein del av oppgjeret at eigenkapitalbevis i Sparebank 1 SMN, som då hadde ein verdi på kring 1,4 milliardar kroner, skulle gå inn i Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre.
Redusert utlånsvekst
Sparebank 1 SMN auka inntekter og overskot i 2024 (sjå tabell under).
Alle forretningsområde i banken styrka seg i 2024, skriv banken i kvartalsrapporten.
Utlån til privatkundar auka med fem prosent i siste 12-månadersperiode, mot 13,1 prosent i førre 12-månadarsperiode.
Utlån til næringslivskundar auka med 7,5 prosent i siste 12-månadarsperiode, mot 10,4 prosent i førre 12-månadarsperiode.
Sparebank 1 SMN | ||
Pr. 4. kvartal. I mill.kroner | 2024 | 2023 |
Inntekt | 9123 | 7511 |
Resultat før tap | 5823 | 4498 |
Resultat før skatt | 5647 | 4484 |
Sparebank 1 SMN | ||
4.kvartal. I mill. kroner | 2024 | 2023 |
Inntekt | 2235 | 2383 |
Reultat før tap | 1335 | 1517 |
Resultat før skatt | 1305 | 1496 |
Publisert: 12.02.2025 07:36
Sist oppdatert: 12.02.2025 09:21