Bank stoette til robotisering
STØTTE: Arne Tande, primus motor bak produksjonskompetanse-senteret i Brattvåg kan glede seg over støtte frå både bank og kommune. 
Nytt

Bank-støtte til robotisering

Sparebanken Møre går inn med ein million kroner i støtte til pilotprosjekt RobTek i Brattvåg. Kommunen vil gi tomt.

23.11.2015
- Bedriftene i Møre og Romsdal har lenge hatt ein tradisjon for å flagge ut produksjon til lavkostland for å spare pengar. I dag er denne trenden i ferd med å snu, og vi ser at det er viktigare enn nokon gong å ha hand om produksjonen og gjere jobben på smartast mogleg vis, seier Kjell Petter Dalen i Sparebanken Møre i ei pressemelding.
RobTek i Brattvåg ein ein del av satsinga på å bygge eit kompetansesenter for produksjonsteknologi og -metodar, der Arne Tande er primus motor. RobTek blir ein felles maskineringverkstad, der mindre og mellomstore bedrifter kan dele på avansert og kostbar produksjonsteknologi, som robotar og 3D-printarar. Samstundes skal verkstaden ha rom for testing av produksjonsprosessar, produkttesting og demonstrasjon av ulike løysingar.
I tillegg til støtte frå banken kan Tande også glede seg over at formannskapet i Haram tilrår at kommunen gir eit tomt til det nye senteret.

Konkurransefortrinn

-Teknologikompetanse vil truleg vere det viktigaste konkurransefortrinnet i framtida. Målet er å leggje til rette for ei vidare utvikling i ei krevjande tid for norsk industri, seier Dalen i pressemeldinga.
Støtten frå banken blir kunngjort på produksjonsteknologi-konferansen i Brattvåg i dag, der blant andre direktør i Teknolog-rådet, Tore Tennøe, snakkkar om teknologiutvikling og moglegheitene det gir for industrien på Nordvestlandet.

Stor debatt

Diskusjonen om utflagging kontra å behalde og utvikle produksjon på heimebane er blitt eit heitt tema i vestlege industriland, der ny og vidareutvikling av teknologi gjer det lettare å produserer i høgkostland kontra lavkostland.

For primus motor Arne Tande er koblinga mellom produksjonsmiljø og produktutvikling eit viktig argument for å behalde og utvikle produksjon i Noreg. Produksjonskompetansen og produktutvikling heng saman meiner han. Flyttar produksjonen ut vil bedriftene si evne til å utvikle produkt bli svekt.


Publisert: 23.11.2015 10:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:49