Boerspause i Havila Shipping
DOBBEL TVIST: Havila Shipping-sjef Njål Sævik og finansdirektør Arne Johan Dale har no to tvistar med bankane om same sak.
Nytt

Bankane krev Havila-gjeld innfridd

Vil også ta rettslege steg for å tre inn i pantet. Havila Shipping avviser kravet, som kjem sjølv om rettsaka mellom bankane og selskapet ikkje er avgjort.

13.12.2025

DNB, Swedbank og Danske Bank meiner Havila Shipping har brote vilkåra i ei refinansieringsavtale frå juni 2020. Bankane finansierer skipa Havila Foresight og Havila Harmony.

Havila Shipping er usamd med bankane og meiner bankane mellom anna er forplikta til å konvertere eit krav på knappe 600 millionar kroner til aksjar ved utløpet av 2025.

Reiarlaget gjekk tidlegare i år til rettsak mot bankane, men fekk ikke medhald for sitt syn i retten. Dommen er ikkje rettskraftig og Havila Shipping varsla same dag som dommen kom at den vil bli anka til lagmannsretten.

Ventar ikkje
Bankane vil imidlertid ikkje vente med i gjere noko i påvente av utfallet av ankesaka. 

I ei børsmelding seint fredag kveld skriv Havila Shipping at dei tre bankane "har i dag likevel krevd førtidig innfrielse av sitt utestående under restruktureringsavtalen. Bankene har også varslet at de vil ta rettslige skritt for tiltredelse av tilknyttede panterettigheter og etablering av utleggspant".

Havila Shipping skriv i meldinga at selskapet held fast ved at kravet frå bankane er grunnlaust og at selskapet også vil bestride at det er grunnlag for tre inn i panteretten og for å etablere utleggspant.

Havila Shipping har ei renteberande gjeld på 130,8 millionar kroner til  dei tre bankane og ei ikkje-renteberande gjeld på 595,1 millionar kroner. I tillegg krev bankane renter og misleghaldsrenter på 7,9 millionar kroner.

Havila Holding er majoritetseigar i Havila Shipping. Havila Holding er også medeigar i Bakkar og Berg Media, som gir ut Nett No.

Publisert: 13.12.2025 08:17

Sist oppdatert: 13.12.2025 09:27

Mer om