Først i eit brev frå advokatfirmaet Thommessen i oktober 2024 kom dei tre bankane med melding om at dei meinte Havila Shipping ikkje hadde lov til å ta opp eit obligasjonslån på den måten reiarlaget planla.
Det skjedde trass i at reiarlaget allereie tidleg i 2024 fortalde långivarane sine om planane sine. Det sa administrerande direktør Njål Sævik i Havila Shipping sin partsforklaring i Oslo tingrett onsdag.
Bankane sitt innleiingsforedrag: Tilliten til reiarlaget var svekka
Sævik fortalde at bankane korkje ved starten av året, eller vidare utover i 2024 kom med nokon protestar eller innvendingar mot refinansieringsplanen.
Reiarlaget har gått til søksmål mot DNB, Swedbank og Danske Bank etter at bankane har skulda reiarlaget for brot på låneavtalane.

Bank som ville finansiere trekte seg
Havila Shipping og dei tre bankane strides om tolkinga i ein refinansieringsavtale frå 2020.
Ein del av långivarane - bankar og obligasjonslångivarar- takka ja til å bli løyst frå avtalen ved årsskiftet 2024/2025, gjennom ein kombinasjon av betaling og omgjering av gjeld til aksjar, medan dei tre bankane valde å forlenge avtalen i eitt år.
Havila Shipping hadde allereie ein avtale med Macquarie Bank, som ville gi eit nytt lån som skulle erstatte eksisterande finansiering, men banken trekte seg då striden med dei tre bankane oppsto.
Grunngjevinga var «kommersielle omsyn», forklarte Sævik.
Fekk kort tid på seg
Då det ikkje blei noko lån frå Macquarie Bank hadde Havila Shipping kort tid på seg for å finne eit alternativ, som mellom anna ville gjere det råd å betale ut dei bankane og obligasjoneigarne som skulle ut ved årsskiftet 2024/2025.
Løysinga blei eit obligasjonslån på 525 millionar kroner, der også fleire av dei tidlegare obligasjonslågivarane var med, forklarte Sævik.
Meiner alternativet var misleghald
Dei tre bankane meiner låneavtalen dei er part i gjer at Havila Shipping ikkje kunne ta opp ny gjeld, noko Havila Shipping er usamd i.
At fleire store investorar i obligasjonmarknaden vart med på lånet, viser at dei deler Havila Shipping sine vurderingar, argumenterte Sævik.
På spørsmål frå Havila Shipping sin advokat, Kyrre Haugen, om kva som ville bli utfallet om selskapet ikkje hadde tatt opp eit nytt lån svarte Sævik: «då er vi i default, og det var kanskje i utgangspunktet nokon ønska».
– Trur aldri eg har opplevd maken
Alle dei tre bankane som er saksøkt kom med sin partsforklaring i Oslo tingrett løpet av onsdagen.
Bankane viste til at dei jobba med fleire alternativ, og allereie i mai hadde gitt uttrykk for misnøye med reiarlaget si handtering av fleire forhold. I retten kom det fram at grensa var nådd for kor langt bankane ville strekke seg, då reiarlaget valde å ta opp det omstridde obligasjonslånet.
Iver Høyem i Danske Bank fortalde at dei i staden hadde venta ein sokalla «waiver» - der selskapet hadde orientert om situasjonen og partane hadde sett seg ned for å kome til ei løysing.
– Eg trur aldri eg har opplevd maken i slike saker, at eit selskap tek opp lån eller stiller sikkerheit, utan å søke om «waiver», sa Høyem.
Ville sjå korleis marknaden utvikla seg
DNB og Danske Bank fortalde i retten at dei i utgangspunktet vurderte at det var betre å bli sittande på gjeldsposten og sjå korleis marknaden utvikla seg.
Swedbank var mest freista til ein form for exit, men enda opp med å ville forlenge.
Jakob Reed Irgens i DNB understreka at dei på ingen måte ønska å kome i ein situasjon der dei endar med å møte kunden i rettssalen, men la til at banken etter hans syn hadde gjort alt dei kunne.
– Det er ikkje banken sitt ansvar å løyse selskapet sine problem, sa han til retten.
Meiner saka er prinsipiell viktig
Niels Bugge frå Swedbank meinte at saka aldri burde enda i rettssalen, men at den samtidig var blitt prinsipiell.
– Om ein ikkje kan basere seg på avtaler som blir forhandla fram (…) Då har ikkje berre vi som bank eit problem, men då har samfunnet eit problem, sa Bugge.
Han meinte at reiarlaget i staden for å ta opp obligasjonslånet, burde engasjert bankane til dialog.
Havila Holding er største aksjonær i Havila Shipping. Havila Holding er medeigar i Bakkar og Berg Media, som gir ut Nett No.
Publisert: 12.11.2025 14:52
Sist oppdatert: 12.11.2025 16:48






