Njål Sævik Arne Johan Dale foto Ogne
ANKAR: Administrerande direktør Njål Sævik (t.v.) og finansdirektør Arne Johan Dale i Havila Shipping nådde ikkje fram med sitt syn i Oslo Tingrett, og selskapet kjem til å anke dommen. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Havila Shipping tapte mot bankane

Gjekk til sak mot DNB, Swedbank og Danske Bank etter at bankane skulda reiarlaget for brot på låneavtalar.

08.12.2025

Dommen blir anka, skriv Havila Shipping i ei børsmelding. 

Rettssaka mellom reiarlaget og dei tre bankane har i stor grad dreia seg om korleis ein skal tolke refinansieringsavtalen mellom partane. 

Kjernen i konflikten er at Havila Shipping tok opp eit obligasjonslån på 525 millionar kroner for å betale ut tre andre långivarar. 

Havila burde spurt om lov
Medan reiarlaget meiner det hadde rett til dette ut frå avtalen – meiner bankane at avtalen sperra for eit slikt låneopptak – og at Havila burde spurt dei om lov. 

Dei tre saksøkte bankane svara på låneopptaket til reiarlaget med å erklære at Havila Shipping hadde misleghalde låneavtalen, og bad om at gjelda blei gjort opp. 

Havila Shipping kontra med å saksøke bankane og meiner desse opptrer illojalt når dei krev å få gjort opp gjelda til reiarlaget.

350 millionar
Etter reiarlaget sitt syn forsøker dei tre bankane å «grabbe til seg» kring 350 millionar kroner dei ikkje har rett på – til ulempe for dei andre partane.  

Bankane på si side godtek ikkje forklaringa frå reiarlaget om at obligasjonslånet ikkje var ny gjeld – men eit ombyte. Dei meiner det er ny gjeld – som kravde samtykke  frå dei andre partnarane.

Havila Holding er største aksjonær i Havila Shipping. Havila Holding er medeigar i Bakkar og Berg Media, som gir ut NettNo. 

Publisert: 08.12.2025 17:55

Sist oppdatert: 09.12.2025 07:49

Mer om