Under første dag av rettssaka mellom Havila Shipping og tre storbankane, DNB, Swedbank, Danske Bank, gjekk dei saksøkte bankane sin advokat Henning Harborg kraftig i rette med reiarlaget sitt utgangspunkt for saka.
Mykje av tysdagen i retten handla om ulike tolkingar av reiarlaget sin refinansieringsavtale. Men advokatane til bankane teikna også opp eit bakteppe for kvifor bankane opptrådde som dei gjorde.
Bankane jobba med alternativ løysing
Advokat Harborg starta innleiingsforedraget med å påpeike at engasjementet i Havila Shipping i kjølvatnet av offshorekollapsen, var eit «tapsprosjekt» der det gjaldt å redusere risikoen for nye tap.
Undervegs jobba mellom anna bankane med å overtale reiarlaget til ei alternativ løysing omtala som «plan Viktor».
Den innebar at långivarane ville få eit kontantoppgjer i staden for at gjelda blei omgjort til aksjar i reiarlaget.
Tilliten blei påverka negativt
Utspelet om ei alternativ løysing kom etter at bankane i eit felles brev til reiarlaget hadde vore misnøgde med korleis fleire innbetalingar hadde skjedd.
Advokatane sitt poeng var at konfliktene som oppstod undervegs, påverka tilliten bankane hadde negativt.
Reiarlaget valde å seie nei til den alternative løysinga til bankane – og gjekk i staden for å ta opp eit omstridd obligasjonslån som bankane meiner førte til at reiarlaget braut vilkåra i refinansieringsavtalen.
– Det er ikkje noko spekulativt ved bankane si handtering, sa Harborg i retten.
– Forbodet mot å ta opp lån er det sentrale
Havila-advokaten hevda i sitt innleingsforedrag tidlegare tysdag at refinansieringsavtalen opna for at reiarlaget kunne ta opp eit slikt obligasjonslån for å betale ut andre bankar.
Bankane sine advokatar meiner på si side at formuleringane i avtalen ikkje dekker eit slikt grep som reiarlaget tok – og at den tvert imot eksplisitt sette ein stoppar for alle formar for gjeld selskapet ikkje i utgangspunktet hadde.
– Forbodet mot å ta opp lån er det sentrale. Og det gjeld uansett, sa Harborg.
Bankane meiner dei blei svekka
Havila Shipping har gått til søksmål mot dei tre bankane, og ber retten stadfeste at dei ikkje har rett til å krevje gjelda gjort opp.
– Det Havila i realiteten ber om er ein revisjon av avtalen, sa advokat Harborg i retten.
Bankane si oppfatning er at deira tryggleik vart svekka, som følgje av obligasjonsavtalen – og at det ikkje var opp til reiarlaget å avgjere eit slikt grep på eiga hand.
Harborg meinte vidare at grepet var økonomisk motivert – ved at reiarlaget skulle sleppe å forhandle om nye vilkår.

Godtar ikkje forklaring om gjeldsbyte
Reiarlaget sin forklaring om at obliagasjonslånet ikkje var ny gjeld – men eit byte – godtok han ikkje.
Advokat Harberg meiner ordlyden i avtalen ikkje dekker eit slikt grep som reiarlaget tok. Tvert i mot viste han til at den mellom anna inkluderte eit punkt som stoppa vidareføring av gjeld.
– Det vi ser i denne saka er ein ny låneavtale med nye långivarar på nye vilkår. Det krev openbert eit samtykke frå dei andre partnarane, argumenterte Harborg.
Meiner sal av skip var eit alternativ
Bankane meiner Havila har tolka inn nye unntak i avtalen og meiner det ikkje var noko felles oppfatning blant långivarane om at den skulle forståast slik reiarlaget legg til grunn.
Bankane viser til at Havila i tilfelle har hatt anledning til å ta opp ønsker om eventuelle endringar undervegs i løpet.
Harborg meiner samtidig det ikkje er rett at reiarlaget stod utan andre moglegheiter til å løyse ut dei andre aksjonærane. Dei meiner selskapet både kunne selt skip, eller henta eigenkapital på anna vis.
Havila Holding er største aksjonær i Havila Shipping. Havila Holding er medeigar i Bakkar og Berg Media, som gir ut Nett No.
Publisert: 12.11.2025 05:00
Sist oppdatert: 11.11.2025 23:08






