Havila Shipping meiner tre storbankar opptrer illojalt når dei krev å få gjort opp gjelda til reiarlaget – og at refinansieringsavtalen støttar deira syn.
Det kom fram då rettssaka mellom Herøy-reiarlaget og dei tre bankane DNB, Swedbank, Danske Bank starta i Oslo tingrett tysdag.
Domstolen sin tolking av avtalen verkar bli avgjerande for utfallet av saka. Reiarlaget ber retten stadfeste at bankane ikkje har rett til å krevje gjelda gjort opp.
– Ein kan ikkje tolke ein slik avtale, slik fanden les bibelen, sa Havila Shipping sin advokat, Kyrre Eggen, i sitt innleiingsforedrag.
Det er nettopp kva reiarlaget meiner bankane gjer, når dei hevdar at selskapet har brote vilkåra i refinansieringsavtalen – og krev gjelda innfridd.
– Det gir rett og slett ikkje meining å tolke avtalen slik bankane hevdar, sa Eggen i retten.
Det gir rett og slett ikkje meining å tolke avtalen slik bankane hevdar
– Det skjedde ei ombytting av gjeld
Obligasjonslånet blei teke opp på slutten av fjoråret for å betale ut Sparebank 1 SMN, Eksfin og Islandsbanki, som ville ut av refinansieringsavtalen frå i 2020.
– Den einaste måten å få avtalen til å gå opp, er at det skjedde ei ombytting av gjeld ved ei refinansiering, sa Eggen i retten.
Etter Havila sitt syn er det ikkje snakk om ny gjeld fordi det gjekk til å oppfylle avtalen alle partane var samde om.
Meiner bankane vil «grabbe til seg»
Reiarlaget meiner dei tre bankane i praksis forsøker å «grabbe til seg» kring 350 millionar kroner dei ikkje har rett på – og til ulempe for dei andre partane.
Om bankane får gjennomslag for sitt syn meiner reiarlaget det vil føre til at ein långivar kan legge ned veto mot at forpliktingane til dei andre blir oppfylt - og tilta seg store meirverdiar ved å krevje inn gjelda innfridd før tida.
Havila Shipping meiner det vil gjere dei ute av stand til å oppfylle forpliktingane til dei andre långivarane i tråd med avtalen som dei tre bankane sjølv har vore med å forhandle fram, argumenterte Eggen.
Hevdar avtalen gir unntak
Undervegs i innleiingsforedraget gjekk Eggen mellom anna gjennom den opphavlege refinansieringsavtalen.
Den meiner han tydeleg gir unntak for at Havila-reiarlaget kan gjere ei slik refinansiering som blei gjort med obligasjonslånet.
Han påpeika også at krava frå dei tre saksøkte bankane først kom etter at dei andre hadde bestemt seg for å gå ut.
– Viss nokon hadde sagt noko slik på førehand, kan eg garantere at bankane på den andre sida ville sagt frå, la Eggen til.
Meiner sal av skip ikkje var ei løysing
Havila-advokaten argumenterte med at reiarlaget heller ikkje hadde moglegheit til å hente pengar i marknaden på anna vis.
Sal av skip – som bankane har peika på som ein moglegheit – meiner han ikkje var eit reelt alternativ.
– Det ville vore stikk i strid med heile grunnlaget for avtalen, og ville uansett ikkje ført til at bankane hadde fått pengane sine, sa Eggen.
Bakgrunnen for striden er refinansieringsavtalen Havila Shipping inngjekk i 20202. Ein del av avtalen var at långivarar seinare kunne gjere om gjeld til aksjar.
Første høve til å gjere det var ved årskiftet 2024/2025, men avgjerda om å gjere om gjeld til aksjar kunne og utsettast eitt år. Deler av gjelda vart gjort om til aksjar og noko vart betalt attende som kontantar ved årsskiftet.
Dei tre bankane som valde å vente med å gjort opp gjelda, skulda i ettertid Havila Shipping for å misleghalde restruktureringsavtalen og dermed låna.
Bankane meiner Havila ikkje hadde lov til å gjere opp gjelda mot dei andre långivarane. Det meiner dei gir rett til å krevje all gjelda innfridd – inkludert den delen av gjelda som eigentleg skulle konverterast til aksjar.
Reiarlaget svarte med å gå til sak mot bankane.
Les bakgrunn under
Havila Holding er største aksjonær i Havila Shipping. Havila Holding er medeigar i Bakkar og Berg Media, som gir ut Nett No.
Publisert: 11.11.2025 12:45
Sist oppdatert: 11.11.2025 16:58






