Corvus
BATTERI: Konsernsjef Geir Bjørkeli i Corvus Energy (t.v.) har tilsett Pål Ove Husøy som salssjef ved Herøy-avdelinga. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Batteriprodusent satsar i Herøy

- Det er viktig for oss å vere synlege i dei store klyngene.

12.04.2022

Det seier konsernsjef Geir Bjørkeli i Bergen-baserte Corvus Energy.

Selskapet er marknadsleiande på samanstilling av batteriløysingar til båtar, og omsette i fjor for rundt 550 millionar kroner. I år forventar Bjørkeli å nå 750 millionar.

- Det vart ein liten dett på grunn av korona og nybyggingsstopp i offshore. No er marknaden på veg opp igjen etter ei litt rufsete periode.

Ervik & Sævik
I Herøy har selskapet leigd lokale i nybygget Horisont til Ervik & Sævik i Fosnavåg Næringspark. Her er Pål Ove Husøy den første tilsette. Husøy har bakgrunn frå blant anna ABB og Wavefoil.

- Vi har ein god del kundar på Nordvestlandet, som vi ønsker å vere tettare på, seier Bjørkeli.

Selskapet har blant anna levert batteripakkar til alle fire skipa til Havila Kystruten. Det same til fleire skip for Havila Shipping, Rem Offshore og Olympic.

USA og Japan
Rundt 25 ferjer har batteriløysing frå Bergen-selskapet, som har ein fabrikk på 5.000 kvadratmeter ved Midttun i Bergen, og har planar om å byggje ein endå større fabrikk ved Lyseparken i Bjørnafjorden kommune.

Men den største veksten trur Bjørkeli kjem i USA. Frå før har selskapet 100 tilsette i Canada.

- USA kjem no for fullt.

Også i Japan er Corvus inne, gjennom eit joint venture med eit lokalt selskap.

- Der har vi levert batteripakke til ein heilelektrisk lekter som leverer fuel til tankskip, kontainerskip og andre skip i Tokyo Bay. Skikkeleg tøft!

Lært av Ulsteinkonsernet
Bjørkeli har 17 års bakgrunn i Rolls-Royce-konsernet.

Han seier at han byggjer selskapet slik som Ulstein-familien bygde Ulsteinkonsernet, som vart seld til Vickers og deretter til Rolls-Royce.

- Vi ønsker å vere over alt der kundane er, og vi sender gjerne ut ein erfaren teknikar saman med ein ung og framandstormane teknikar.

- Eg har lært mykje av korleis ein har bygt selskap på Nordvestlandet.

Eg har lært mykje av korleis ein har bygt selskap på Nordvestlandet
Geir Bjørkeli

Droppar børs no
Corvus Energy hadde i fjor planar om å gå på børs, men droppa det.

Bjørkeli seier at eigarane, som Equinor, Shell og Norsk Hydro ville ta kostnaden sjølve med å vidareutvikle selskapet.

- Vi har fantastiske eigarar, som stiller opp både økonomisk og med avgjerande kompetanse.

Les også frå Teknisk Ukeblad: Brenselceller fra Corvus og Toyota godkjent på skip

Publisert: 12.04.2022 09:05

Sist oppdatert: 12.04.2022 08:04

Mer om