20220328 193705 1
ERVIK & SÆVIK: Reiarane Rita (t.v.) og Espen Ervik satsar stort på Mjølstaneset, og har med seg fleire kvinner i leiinga, som COO (organisasjonssjef) Birgitte Grongstad Kvalsvik, koordinator Monica Thorsen Husøy og administrasjons- og økonomiansvarleg Lone Pettersen Sundgot. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Løfta fram kvinnene i eiga storsatsing

Rita Sævik lovar stor kunst, god mat og mange opplevingar på Mjølstadneset. Sjå bygget frå lufta.

29.03.2022

- Eg har ein draum om å utvikle heile området, skape masse aktivitet og liv, og kalle det heile Fosnavåg Næringspark.

Det sa reiar Rita Sævik under eit møte i Fosnavåg Shippingklubb måndag.

Då letta ho på sløret om kva som vert innhaldet i storsatsinga Horisont på Mjølstaneset, eit næringsbygg med eit samla areal på nesten 3.000 kvadratmeter, og eit bygg som skal opne i mai.

Bygget ligg like ved kaikanten, og der Havila Kystruten og Hurtigruten vil leggje til, om stoppestaden vert flytta frå Torvik.

Kvinnetungt selskap
Men først ville Sævik løfte fram kvinnene. Sævik har fleire gongar vore åleine kvinne på møta i shippingklubben. Måndag var det rundt 20 kvinner tilstades, noko som truleg er ny rekord i den normalt svært så mannsdominerte forsamlinga.

- Og dette skjer i di tid som leiar for shippingklubben. Du bør vere stolt, sa Rita Sævik til Anders Almestad, president og styreleiar for klubben.

Sjølv stiller Ervik & Sævik med tre kvinner i leiinga.

- Er det ikkje fantastisk? Er dei ikkje flotte? Det er på tide at vi får fleire kvinner inn i leiinga i dei maritime bedriftene i Herøy, sa Sævik.

Kafé med lokale råvarer
Ho hadde nettopp vore på framdriftsmøte for nybygget, og kunne opplyse at alt gjekk etter planen.

- Vi kan halde konfirmasjon der 7. mai. Eg trur dokke vert overraska over kor flott det vert.

Her vert det kantine og kafé i regi av Karolina Lenart og Arkadiusz Tchorek i selskapet Black & Gold.

- Vi satsar på lokale råvarer, og har lært av restauranten på Skotholmen, sa Sævik.

I tillegg til kantine med lunsj til leigetakarar i bygget, vert det ordinært kafétilbod deler av dagen, samt cateringmeny for levering.

- Dei vil også kunne opne kaféen utanom vanleg opningstid for arrangement som bryllaup, konfirmasjonar, selskap og andre lukka lag som leiger bygget.

- Og vi har allereie booka tre konfirmasjonar og ei rekke andre arrangement, sa Sævik.

Horisonten
HORISONT: Næringsbygget Horisont skal opnast i mai. Foto: Rune Paulsen
Det er på tide at vi får fleire kvinner inn i leiinga i dei maritime bedriftene i Herøy
Rita Sævik

Kunstutstillingar
Ho fortalde blant anna om eit vin- og kunstcruise i regi av selskapet Vino Piemonte, der 70 gjestar kjem.

For Sævik er også kunstsamlar, og i tillegg til å vise fram sin eigen kunstsamling, vert det salsutstillingar med ei rekke kjende kunstnararar.

Først ut er Magne Furuholmen.

- Deretter kjem Nico Widerberg og Håkon Bleken.

- Galleriet er booka fire år fram i tid, opplyste Sævik.

Også konsertar kan ho by på.

- 19. juni er det jazzkonsert med Oddbjørn Blindheim.

500 nye arbeidsplassar
Sævik opplyste også at fleire firma har leigd plass i bygget.

Ho håper at satsinga vil løfte fram heile lokalsamfunnet.

- Vi hadde eit møte der vi diskuterte planar for Mjølstaneset, og då var det Per Sævik, den eldste av oss, som hadde dei friskaste visjonane, og meinte at her burde ein klare å skape 500 nye arbeidsplassar.

- Eg er samd med Sævik. Dette bør vi klare.

Publisert: 29.03.2022 06:29

Sist oppdatert: 29.03.2022 18:46

Mer om