Behov for ei prinsipiell droefting
TRENG AVKLARINGAR: Fylkesordførar Tove-Lise Torve (Ap) meiner det er grunn til å drøfte kva for føringar som følgjer ei støtte frå privat næringsliv. 
Nytt

– Behov for ei prinsipiell drøfting

Fleire bedrifter har meldt seg for å gi støtte til yrkesfaga. – Vil regionar med mindre kapitalsterkt næringsliv tape elevplassar, er mellom spørsmåla fylkesordføraren meiner må drøftast.

Marius Rosbach
14.11.2019
MMC First Process kasta seg tidlegare i veka inn i diskusjonen om framtida for fylkesøkonomien, ved å tilby ved Haram vidaregåande skule.
I ettertid har fleire bedrifter meldt si interesse for å vere med på eit spleiselag for å sikre yrkeslinjer som er viktige for næringslivet.

Les meir:



Næringsliv og skule treng kvarandre

Fylkesordførar Tove-Lise Torve (Ap) er ikkje avvisande til ideen, og ho påpeiker at næringslivet allereie er ein viktig partnar når gjeld yrkesfaga i den vidaregåande skulen:
– Næringslivet treng fagarbeidarar og elevande treng læreplassar, seier ho.
– Når det gjeld økonomisk støtte frå det private næringsliv for å oppretthalde yrkesfaglinjer, er det behov for ei prinsipiell drøfting, legg ho til.
Ho meiner det er mange spørsmål som må drøftast før ein kan konkludere med om det er klokt å gå inn med privat finansiering av den vidaregåande opplæringa.
– Vil til dømes skuler i regionar med eit mindre kapitalsterkt næringsliv, miste elevplassar til skuler med eit kapitalsterkt næringsliv, spør Torve.

Mange forhold å drøfte

Torve peiker på at fleire av linjene har få søkjarar og elevar, og difor er dyrare enn andre, fordi dei krev det sama talet på lærarar. Samtidig har utdanningsutvalet sett krav om eit visst elevtal for å opprette tilbod.
– Vil ein eventuell økonomisk støtte frå næringslivet overprøve politiske vedtak, slik at linjene likevel skal startast opp? Vil næringslivet betale alle kostnadar med slike klassar? Kor lenge vil næringslivet forplikte seg til finansiering for å gi eit stabilt tilbod, er også spørsmål Torve meiner må diskuterast.
Arbeidsgjevaransvar, fordeling av kostnadar med lokalar og utstyr er andre forhold.

Les meir:



– Positive tilbakemeldingar

Utspelet frå MMC First Process kom etter det blei kjent at i skuletilbodet, som spesielt ville råke yrkesfag og estetiske fag.
–Tilbakemeldingane frå industrien har vore berre positiv. Fleire både kollegaer og konkurrentar som vi har vore i kontakt med, vil også vere med, og støttar oppunder forslaget, fortel marknads- og kommunikasjonsansvarleg Per Helge Devold i MMC First Process til NETT NO.
Han påpeiker at dei førebels undersøker interessa og at dei ikkje har hatt dialog med fylkesadministrasjonen om korleis ei slik støtte kan utformast praktisk.
– Men det er eit godt samarbeid mellom næringslivet og fylket allereie, og eg trur også fylkesadministrasjonen ser verdien av desse tilboda, seier han.

Les meir:



Næringslivet treng fagarbeidarar og elevande treng læreplassar,

Publisert: 14.11.2019 12:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:44