Per Kjetil Våtmyr leder Sykkylven Industri og næringslag foto Ogne
Sykkylven er populært og attraktivt, men manglar bustadar seier leiar i Sykkylven Industri- og næringslag. Per Kjetil Våtmyr: Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Bekymra for bustadmangel

Eit problem både for vekst og for å halde på arbeidskraft, meiner Sykkylven Industri- og næringslag.

28.10.2021

- Vi har veldig mange vi veit vil flytte til Sykkylven, som ikkje har moglegheiter til å få seg ein bustad, seier leiar Per Kjetil Våtmyr i Sykkylven Industri- og næringslag.

Han snakka om rekruttering på design- og møbelindustriens bransjetreff i Sykkylven i dag.

Då møbelboomen kom etter at det første koronasjokket hadde lagt seg i fjor sommar etterlyste industri- og næringslaget at kommunen skulle bidra med bustadar for nyetablerte, men kommunen ønskjer utbygging skal skje i privat regi, ifølgje Våtmyr.

Mindre stabil arbeidskraft
Situasjonen er framleis den same, utbyggingar er ikkje i gang. Konsekvensen er at Sykkylven går glipp av ein potensiell folketalsvekst og arbeidskrafta blir ikkje så stabil, etter Våtmyr si vurdering.

550 personar pendlar inn til kommunen kvar arbeidsdag, ifølgje Våtmyr, knappe 200 av dei frå Ålesund-området.

- Så lenge vi har stor pendling inn så kan nokre av dei bli frista til å ta jobb ein annan plass, nærare der dei bur, seier Våtmyr.

Treng betre samferdsel
Våtmyr etterlyste også betre samferdselstilbod:

Ferga mellom Aursnes og Magerholn går for sjeldan på kveldstid, og på helgedagar og ferga mellom Hundeidvika og Festøya så sjeldan at bedriftene i Sykkylven har vanskar med å rekruttere frå Ørsta/Volda.

For dei som er avhengig av kollektivtilbod er det dårleg og ikkje tilpassa arbeidstiden.

Publisert: 28.10.2021 15:49

Sist oppdatert: 28.10.2021 19:19