Nytt
Bekymra for bygg- og anleggsbransjen
– Tøffare enn mange trur å drive lønnsamt, seier konserndirektør i Sparebank1 SMN. Sjekk korleis banken vurderer situasjonen i andre bransjar.
Marius Rosbach
21.01.2020
Bransjeindikatoren for 4. kvartal i 2019 har Sparebank1 SMN framleis gult flagg for bygg- og anleggsbransjen, men banken er uroa.
Den kvartalsvise temperaturmålaren viser grønt flagg og ei venta nedgang i veksten for alle bransjar samla. Grønt flagg er indikator på at situasjonen generelt er bra.
Sparebanken trekk spesielt fram utviklinga i bygg- og anleggsbransjen som bekymringsfull.
– Det er utfordrande tider i næringa. Det er tøffare enn mange trur å drive lønnsamt. Mange synes å bli overraska over kompleksiteten med byggeprosessane. Kjøparane har store forventingar og ønsker gjerne endringar som entreprenøren ofte ikkje er flink nok til å ta seg betalt for, seier konserndirektør for næringslivet Vegard Helland i Sparebank1 SMN i ei pressemelding.
NETT NO har omtala konkurstala i bygg- og anleggsbransjen i Møre og Romsdal, som ligg av næringslivet.
Trenden i fylket ser ut til å halde fram i 2020. Av hittil i år – er nær halvparten i firma knytt til byggebransjen.
Sparebanken venter at veksten for bransjen vil flate ut som følgje av at fleire samferdselsprosjekt blir ferdig eller utsett. I bustadmarknaden slit også fleire prosjekt med manglande førehandssal. Saman med ei venta svak utvikling i bustadprisane, kan det føre til at mange bustadprosjekt ikkje blir starta opp, skriv banken i .
Utfordringar med pågåande prosjekt hos verfta, gir også dårlegare evne til å ta på seg nye oppdrag. Ordrereserven er no på nivå med 2016/2017.
Problema med å skape lønnsemd kan spreie seg til andre delar av maritim industri, men førebels har dei greidd omstillinga betre enn verfta, ifølgje banken.
Etterspørselen har auka i enkelte segment, men det er framleis overskott på skip som gjer at ratane blir pressa.
Subseamarknaden har vore svakare enn venta, men likevel betre enn for ankerhandteringsskip og forsyningsskip. Det er venta at auke i oljeinvesteringane vil gi betre høve – men først for alvor i 2021.
Salet av klede, sko og sportsutstyr går ned, men også netthandel veks mindre enn før. Kjøpesentera har lågare vekst enn generell detaljhandel.
Konkursnivået i varehandelen er også høgt med ei auke med 12 prosent i Møre og Romsdal og Trøndelag i 2019.
For fiskeriindustrien er det framleis sterk konkurranse og låge marginar, som pressar fram vidare strukturering.
Med utsiktar til lågare slaktevolum for laks, reknar banken med at prisane her vil halde seg høge også i år.
I år blir balansen utfordra på mjølk som følgje av at eksport av Jarlsbergosten blir fasa ut. Det svarar til kring sju prosent av dagens mjølkeproduksjon. Auka import og trendar i forbruket gjer også at etterspørselen vil gå ned.
Høg arealledigheit kan gi press på leigeprisar og verdiar. Samtidig er det venta ein sterkare skilnad mellom attraktive og mindre attraktive næringsareal.
Den kvartalsvise temperaturmålaren viser grønt flagg og ei venta nedgang i veksten for alle bransjar samla. Grønt flagg er indikator på at situasjonen generelt er bra.
Sparebanken trekk spesielt fram utviklinga i bygg- og anleggsbransjen som bekymringsfull.
– Det er utfordrande tider i næringa. Det er tøffare enn mange trur å drive lønnsamt. Mange synes å bli overraska over kompleksiteten med byggeprosessane. Kjøparane har store forventingar og ønsker gjerne endringar som entreprenøren ofte ikkje er flink nok til å ta seg betalt for, seier konserndirektør for næringslivet Vegard Helland i Sparebank1 SMN i ei pressemelding.
Mange konkursar
Bransjen har høgt innslag av konkursar. Av dei 20 største konkursane i Midt-Norge i fjor, var 65 prosent av dei i denne bransjen.NETT NO har omtala konkurstala i bygg- og anleggsbransjen i Møre og Romsdal, som ligg av næringslivet.
Trenden i fylket ser ut til å halde fram i 2020. Av hittil i år – er nær halvparten i firma knytt til byggebransjen.
Sparebanken venter at veksten for bransjen vil flate ut som følgje av at fleire samferdselsprosjekt blir ferdig eller utsett. I bustadmarknaden slit også fleire prosjekt med manglande førehandssal. Saman med ei venta svak utvikling i bustadprisane, kan det føre til at mange bustadprosjekt ikkje blir starta opp, skriv banken i .
Les også:
Framleis dårleg lønnsemd i verfta
I haust peika banken på at omstillinga i maritim industri – og spesielt verfta – gir dårleg lønnsemd. Også denne bransjen har gult flagg og negative vekstutsikter, sjølv om situasjonen er betre mellom dei mindre verfta.Utfordringar med pågåande prosjekt hos verfta, gir også dårlegare evne til å ta på seg nye oppdrag. Ordrereserven er no på nivå med 2016/2017.
Problema med å skape lønnsemd kan spreie seg til andre delar av maritim industri, men førebels har dei greidd omstillinga betre enn verfta, ifølgje banken.
Færre skip i opplag
Norske offshorereiarlag har 65 skip i opplag – om lag 35 færre enn for eitt år sidan. Bransjen har framleis raudt flagg og utsikter til flat utvikling.Etterspørselen har auka i enkelte segment, men det er framleis overskott på skip som gjer at ratane blir pressa.
Subseamarknaden har vore svakare enn venta, men likevel betre enn for ankerhandteringsskip og forsyningsskip. Det er venta at auke i oljeinvesteringane vil gi betre høve – men først for alvor i 2021.
Svakt i varehandel
Veksten i varehandel er svak og per november var den berre på 0,2 prosent justert for prisveksten. Sparebanken sett gult flagg på bransjen og ventar at pilene peikar nedover framover.Salet av klede, sko og sportsutstyr går ned, men også netthandel veks mindre enn før. Kjøpesentera har lågare vekst enn generell detaljhandel.
Konkursnivået i varehandelen er også høgt med ei auke med 12 prosent i Møre og Romsdal og Trøndelag i 2019.
Les også:
Betre i fiskeri og havbruk
Havbruk og fiskeri har grøne flagg og det er venta framleis god utvikling for desse bransjane. Volumnedgang på kvitfisk blei kompensert av prisoppgang i løpet av fjoråret, og det same skjedde for pelagisk.For fiskeriindustrien er det framleis sterk konkurranse og låge marginar, som pressar fram vidare strukturering.
Med utsiktar til lågare slaktevolum for laks, reknar banken med at prisane her vil halde seg høge også i år.
Noko betring i landbruk
Balansen i marknaden for landbruksvarer betre seg i løpet av 2019 og fjoråret blei ein god vekstsesong for bøndene. Bransjen får gult flagg og utsikter til flat utvikling.I år blir balansen utfordra på mjølk som følgje av at eksport av Jarlsbergosten blir fasa ut. Det svarar til kring sju prosent av dagens mjølkeproduksjon. Auka import og trendar i forbruket gjer også at etterspørselen vil gå ned.
Flatt for næringseigedom
Det er mange kvadratmeter med ledige næringsareal i byar som Ålesund og Trondheim. Begge stader er 10-11 prosent av arealet ledig og tilførsel av nytt areal gjer at ein ventar svak auke.Høg arealledigheit kan gi press på leigeprisar og verdiar. Samtidig er det venta ein sterkare skilnad mellom attraktive og mindre attraktive næringsareal.
Les også:
Banksjef om verfta:
Kjøparane har store forventingar og ønsker gjerne endringar som entreprenøren ofte ikkje er flink nok til å ta seg betalt for
Publisert: 21.01.2020 14:56
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51