Bygging byggebransjen illistrasjon foto Ogne
TIL SAK: Byggebransjen er blant bransjane som dei nye innleigereglane er retta mot. Illustrasjonsfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Bemanningsselskap går til retten

Meiner innleigereglane bryt med EØS-avtalen.

14.06.2023

NPK-NTB: 29 bemanningsselskap går til retten for å stanse forbodet mot innleige av arbeidskraft. Selskapa meiner reglane bryt med EØS-avtalen.

Selskapa sende tysdag eit krav til Oslo tingrett om mellombels åtgjerd, og dei saksøkjer staten ved Arbeids- og inkluderingsdepartementet, skriv nettstaden Byggeindustrien.

Forbodet mot innleige vart innført frå 1. april, med ein overgangsperiode til 1. juli.

Krev reglane blir utsett
– Vi krev at dei nye innleigereglane ikkje skal få tre i kraft før ein norsk domstol har avgjort med endeleg verknad om lov- og forskriftsendringa er i tråd med EØS-avtalen, seier dagleg leiar Heine Aardalen i bemanningsselskapet Stolt.

Byggjeindustrien har protestert mot forbodet, som dei meiner er dårleg tilpassa. Så langt har 1200 fast tilsette mista jobben i bemanningsselskap, skreiv Aftenposten førre veke.

Samanliknar med NAV-saka
Leiar i bemanninsselskapet Sonar samanliknar innleigeforbodet med Nav-saka, der det viste seg at norske styresmakter hadde brote EØS-reglane.

– Etter Nav-skandalen, der den offentlege verksemda oversåg EØS-rettane til dei det gjaldt, har politikarane med stor overtyding snakka om kor viktig det er at slike overtramp ikkje skjer igjen. Men her ser vi på nytt at regjeringa og Stortinget på urettmessig vis prøver å fråta bedrifter og tilsette i bemanningsbransjen rettar som er sikra gjennom EØS-avtalen. Forskjellen på denne saka og Nav-skandalen, er at vi har ressursar til faktisk å prøve saka for retten, seier dagleg leiar Erik Myrvold.

Publisert: 14.06.2023 11:12

Sist oppdatert: 14.06.2023 11:12