Fryktar innleige-trøbbel
Tapte oppdrag, lågare lønsemd, meir administrasjon. Slik meiner Vestlandsbedriftene nye innleigereglar slår ut.
21 Næringsforeingar frå Rogaland i sør til Møre og Romsdal i nord har gjennomført ein spørjeundersøking om korleis dei nye reglane om innleige av arbeidskraft slår ut for dei.
Dei i alt 250 bedriftene i undersøkjinga brukar innleige i dag. 34 prosent av bedriftene i undersøkinga tilhøyrer bygge-og anleggsbransjen, som er den største gruppa.
Reglane gjeld frå 1. april, og strammar inn på høvet til å leige inn arbeidskraft frå bemanningsselskap.
Kan gjere avtaler med tillitsvalde
Hovudregelen er at det ikkje kan leigast inn folk for å ta unna arbeid av midlertidig karakter, som til dømes ved sesongtoppar - eller i bransjar med store svingingar i oppdragsmengda.
Det er lov å tilsette folk i midlertidige stillingar i eiga bedrift.
Det viktigaste unntaket i dei nye reglane er at bedrifter med tillitsvalde knytt til store fagforeiningar, kan gjere avtalar med dei tillitsvalde som sikrar unntak frå forbodet.
Går glipp av oppdrag
Alle dei 250 spurte bedriftene brukar innleige, og svara er samanfallande i alle dei tre Vestlandsfylka:
- 70 prosent svarar at dei i større grad blir påverka av dei nye reglane, og 32 prosent svarar at dei blir sterkt påverka.
- 42 prosent av bedriftene reknar med å gå glipp av oppdrag på grunn av dei nye reglane.
- 56 prosent reknar med meir byråkrati og meirarbeid.
- 20 prosent reknar med at reglane vil føre til færre tilsette, 10 prosent til fleire tilsette. Resten av bedriftene meiner reglane ikkje har nokon effekt på talet på tilsette.
- 48 prosent reknar med at reglane vil føre til meir overtidsarbeid.
- 17 prosent reknar med at dei vil seie opp eller permittere folk.
Dette er dei nye reglane for innleige:
* Generell innstramming i høve til å leige inn frå bemanningsforetak, ved at adgangen til innleige «når arbeidet er av midlertidig karakter» blir oppheva, med nokre unntak.
* Innleigde si rett til fast tilsetting i innleigeverksemda, ved at innleige etter avtale med tillitsvaldte også skal gi rett til fast tilsetting etter 3 år.
* Det vil framleis vere lov å leige inn fra bemanningsforetak til vikariat, eller etter avtale med tillitsvalde for bedrifter som har tariffavtale med ei stor fagforening.
* Presisering av den rettslige grensen mellom innleie og entreprise.
* Forbod mot innleige på byggeplassar i Oslo, Viken og tidligare Vestfold.
* Det er vedtatt overgangsordning for fleire av reglene.
Leiger primært fra bemanningsselskap
HR-sjef Anders Godø i entreprenørselskapet Peab K. Nordang seier han har forståing for kvifor bruken av innleige blir stramma inn.
Men han meiner dei nye reglane råkar den seriøse delen av bransjen hardt.
- Som ein stor og leiande entreprenør har vi eit ansvar for å sikre gode og trygge arbeidsforhold, både for eigne arbeidstakarar og andre som jobbar på våre prosjekt. Vi har cirka 100 eigne faste tilsette i produksjonen og brukar mykje ressursar på utvikling av lærlingar og sikre rekruttering til bransjen, seier han.
- Vi leiger inn primært fra bemanningsselskap vi har rammeavtalar med. Alle innleigde skal vere fast tilsett og ha rett lønn etter tariff. Når vi samarbeider med seriøse leverandørar er vi sikra at dei har nødvendig kompetanse, kurs og sertifikat, legg Godø til.
Alternativet til å leige inn ressursar for å dekke midlertidig behov, kan vere auka permittering
Fryktar konkurransevridning
- Alternativet til å leige inn ressursar for å dekke midlertidig behov, kan vere auka permittering i periodar med mindre aktivitet eller auka bruk av overtid. Det er ikkje ei ønska løysing for selskapet, den tilsette eller samfunnet, seier Godø.
Peab K. Nordang har tariffavtale med fagforeninger med innstillingsrett og tillitsvalgte representerer alle ansatte og ein avtale med dei tillitsvalde som gjer at dei kan halde fram med å leige inn folk i samsvar med dei nye reglane.
For mindre selskap, med mindre organisasjon, trur Godø dei nye reglane kan skape vanskar.
- Har dei ikkje høve eller sjanse til å leige innanfor det nye regelverket kan det vere konkurransevridning som vi synest er uheldig for utviklinga av bransjen, seier han.
Meir oppseiing og permittering
Dagleg leiar Andreas Andenes i entreprenørselskapet Christie & Opsahl deler Godø sine vurderingar. Også Christi & Opsal har avtale med tillitsvalde som gjer at selskapet kan halde fram med å leige inn folk.
Men hos mindre bedrifter og underleverandørar med få organsiserte er ikkje det like lett å få til.
Andenes reknar med at reglane kan føre til ei endring, det bygge og anleggsbransjen vil gå frå å leige inn folk til å ta unna toppane, til å tilsette fleire og heller ty til oppseiingar og permitteringar når det er mindre å gjere.
Advokatar merkar pågang
- Heilt som venta, seier advokat Kristin Fjellby Grung i Adviso advokatfirma om svara som kjem fram i undersøkinga.
Ho seier selskapet har merka auka pågang frå bedrifter som vil ha hjelp til å tilpasse seg det nye regelverket, mellom anna med å utforme avtalar med tillitsvalde som sikrar at bedrifta framleis kan leige inn folk frå bemanningsbyrå.
– Regjeringa sitt mål er at dei nye reglane skal styrke det seriøse, ordna arbeidslivet som skal kjenneteikne Noreg. Muligheit til trygge og faste jobbar vil også styrke rekrutteringa til nokre yrker og fag, sa arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) i ei pressemelding då dei nye reglane tok til å gjelde.
Eftas overvåkingsorgan (ESA) vurderer om dei nye innleigreglane er innanfor EØS-avtalen. Regjeringa meiner dei er innanfor.
E22/S2 Jakta på kompetansen - kva kan gjerast for å sikre næringslivet folka dei treng?
Publisert: 09.06.2023 11:31
Sist oppdatert: 09.06.2023 17:22